Øksendalstunnelen er ein tunnel på Fv62 i Sunndal kommune i Møre og Romsdal. Tunnelen er 5966 meter lang, og går gjennom Vettafjellet mellom Krokshamn ved Sunndalsøra og Øksendalsøra. Bygginga starta i august 1997, og tunnelen vart opna 28. oktober 2000. Øksendalstunnelen avløyste eit smalt, svingete, bratt og rasfarleg vegparti.
I likskap med mange andre tunnelar i Noreg er Øksendalstunnelen delvis plaga med kondens. Kondensen kan føre til farlege situasjonar fordi bilrutene plutseleg doggar når ein køyrer inn i tunnelen.
Sjå òg Skrøotunnelen
Vegtunnelar i Noreg Undersjøiske vegtunnelar i Noreg
Kjelder
Bakgrunnsstoff Aura Avis: Renessanse for spøkelsesveien (22. august 2005) The World's Longest Tunnel Page
Kategori:Tunnelar i Møre og Romsdal Kategori:Vegar i Sunndal Kategori:Tunnelar opna i 2000