Down in the Groove er det 25. studioalbumet til Bob Dylan og kom ut på Columbia Records, utgjeve 30. mai 1988.
Albumet var i stor grad eit samarbeidsprosjekt og var det andre albumet hans på rad som nesten berre fekk dårleg kritikk. Albumet kom ut i ein periode då karrieren hans var på veg nedover. Salstala var skuffande og albumet nådde berre 61. plassen i USA og 32. plassen i Storbritannia, medan det i Noreg nådde sjuandeplassen.
Innspeling og mottaking
Sjølv til Dylan å vere, var det ei vanskeleg album å få i stand. Utgjevinga vart føst utsett meir enn eit halvår, og innhaldet vart endra minst tre gonger. Som føregangaren, Knocked Out Loaded, brukte Dylan igjen fleire samarbeidspartnarar enn vanleg, mange av dei frå dette førre prosjektet. Det var første gongen Dylan samarbeidde med Grateful Dead, på songen «Silvio» som var ein av få songar på albumet som fekk ein viss suksess som singel. Songen vart sidan gjeven ut på Bob Dylan's Greatest Hits Volume 3 og The Essential Bob Dylan.
Turneen Dylan la ut på sommaren 1988 skilde seg ut frå dei førre turneane han hadde gjort. Dylan hadde hatt med seg store band på scenen, ofte med høgt profilerte artistar som Mick Taylor, Ian McLagan, The Grateful Dead og Tom Petty and the Heartbreakers. Denne gongen sette Dylan i saman eit lite firemannsband med gitarist G.E. Smith, bassist Kenny Aaronson og trommeslagar Christopher Parker. Songutvalet vart òg langt meir dristig og ei setliste kunne endre seg totalt frå den eine konserten til den neste. Dylan turnerte særs mykje dei neste åra. Desse nesten samanhengande turnane har derfor vorte kalla «Never Ending Tour». Sjølv om Dylan har skifta ut musikarane har han halde på dette enkle formatet fram til i dag.
Songen «Death is Not the End» var eit samarbeid med Full Force, som då var ei populær hip-hop-gruppe frå Brooklyn. Dei medverka derimot berre med vokalharmoniar, ikkje rap. «Death Is Not the End» vart spelt av Nick Cave i 1996.
I 2007 kalla Rolling Stone Down in the Groove det verste Bob Dylan-albumet. I 2017 la magasinet til at «Dylan-fansen vil for alltid diskutere om kva punkt i karrieren som var det lågaste, men dei fleste set punktet til tida då Down in the Groove nådde butikkhyllene i mai 1988.»
Innhald
Medverkande Henta frå plateomslaget. Bob Dylan – gitar, munnspel, klaverinstrument, vokal; produsent på «Death Is Not the End»
Michael Baird – trommer Peggie Blu – korvokalist Alexandra Brown – korvokal Eric Clapton – gitar Alan Clark – klaverinstrument Carolyn Dennis – korvokal Sly Dunbar – trommer Nathan East – bassgitar Mitchell Froom – klaverinstrument Full Force – korvokal Jerry Garcia – vokal Willie Green jr. – korvokal Beau Hill – klaverinstrument Randy Jackson – bassgitar Steve Jones – gitar Steve Jordan – trommer Danny Kortchmar – gitar Bobby King – korvokal Clydie King – korvokal Larry Klein – bassgitar Mark Knopfler – gitar, produsent på «Death Is Not the End» Brent Mydland – vokal Madelyn Quebec – klaverinstrument, korvokal Robbie Shakespeare – bassgitar Stephen Shelton – trommer, klaverinstrument, lydteknikar, miksing Paul Simonon – bassgitar Henry Spinetti – trommer Bob Weir – vokal Kip Winger – bassgitar Ronnie Wood – bassgitar
Produksjon Coke Johnson – lydteknikar Mike Kloster – assisterande lydteknikar Jeff Musel – assisterande lydteknikar Jim Preziosi – assisterande lydteknikar Brian Saucy – assisterande lydteknikar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Down in the Groove» frå , den 3. oktober 2010. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1988 Kategori:Album produserte av Bob Dylan Kategori:Album produserte av Mark Knopfler Kategori:Bob Dylan-album Kategori:Columbia Records-album Kategori:Grateful Dead