mini|Mario Vargas Llosa i 2010. Jorge Mario Pedro Vargas Llosa () var ein peruansk forfattar, politikar, journalist, essayist og nobelprisvinnar. Vargas Llosa var ein av dei mest framståande romanforfattarane og essayistane i Latin-Amerika, og ein av dei leiande forfattarane i sin generasjon. Nokre kritikarar reknar han for å ha eit større internasjonalt gjennomslag og globalt publikum enn nokon annan forfattar frå den latinamerikanske oppblomstringa på 1960- og 1970-talet. og 10. desember 2010 fekk han Nobelprisen i litteratur «för hans kartläggning av maktens strukturer och knivskarpa bilder av individens motstånd, revolt och nederlag».
Diktar og politikar
Vargas Llosa vart vidkjent på 1960-talet med romanar som La ciudad y lós perros, La casa verde, og den monumentale Conversación en La Catedral. Han skriv frodig over ei rekkje litterære sjangrar, inkludert litterær kritikk og journalistikk. Romanane hans er komediar, mordmysterium, historiske romanar og politiske spenningsromanar. Fleire, som Pantaleón y las visitadoras (Pantaleón og tjenerinnene) og La tía Julia y el escribidor (Tante Julia og han som skriver), har blitt omskrivne til spelefilmar.
Mykje av arbeidet til Vargas Llosa er prega av forfattaren si forståing av det peruanske samfunnet og hans eigne røynsler som ein innfødd peruanar. Men over tid har han blitt meir internasjonalt orientert, og han har tatt for seg tema frå andre delar av verda. Ei anna endring i løpet av karrieren hans har vore skiftet frå ein stil og tilnærming innanfor litterær modernisme, over til meir leiken postmodernistisk stil.
Som mange latinamerikanske forfattarar, har Vargas Llosa vore politisk aktiv gjennom heile karrieren. Han har gradvis flytta seg frå det politiske venstre i retning høgresida. Medan han i utgangspunktet stødde den cubanske revolusjonære regjeringa til Fidel Castro, vart Vargas Llosa seinare desillusjonert. I 1990 stilte han som presidentkandidat frå sentrum-høgre-koalisjonen Frente Democrático (FREDEMO), for nyliberale reformer. Karakteristisk for dei politiske standpunkta til Vargas Llosa er grunnleggjande liberale verdiar, slik som individuell fridom og moralsk ansvar, og vern av demokratiet. Etter valet i 1990, der han vart slått av Alberto Fujimori, forlét han Peru og busette seg i Europa. Han er kjend for utsegna «Mexico er det perfekte diktaturet». Det gjekk verda rundtTerra, 7. oktober 2010 i 1990 etter ein tale på meksikansk fjernsyn. Utsegna vart ståande som eit munnhell gjennom det følgjande tiåret.
Tidleg liv og familie mini|Arequipa, fødebyen til Mario Vargas Llosa. Mario Vargas Llosa vart fødd i ein middelklassefamilie 28. mars 1936 i den peruanske byen Arequipa. Han var einaste barnet til Ernesto Vargas Maldonado og Dora Llosa Ureta, dei hadde skilt seg eit par månader før han vart fødd. Like etter at Mario vart fødd, avslørte faren at han hadde eit forhold med ei tysk kvinne, difor har Mario to yngre halvbrør: Enrique og Ernesto Vargas.
Vargas Llosa budde saman med familien til mora i Arequipa til eit år etter skilsmissa, då morfaren hans blei utnemnd til konsul for Peru i Bolivia. Vargas Llosa flytta så saman med mora si og familien hennar til Cochabamba i Bolivia, der han oppheldt seg dei første åra av barndomen sin. Bestefaren drifta ein bomullsgard og sytte for familien på morssida. Som born var Vargas Llosa misleidd til å tru at faren hans var død – mora og familien hennar ønskte ikkje å forklare at foreldra hans var skilte. Under regjeringa til peruanske presidenten José Bustamante y Rivero, fekk Vargas Llosa sin morfar ein diplomatisk post i den peruanske kystbyen Piura og heile familien flytta tilbake til Peru. Medan dei budde i Piura, gjekk Vargas Llosa på barneskolen på det religiøse akademiet Colegio Salesiano. I 1946, i ein alder av ti, flytta han til Lima og møtte faren sin for første gongen. Foreldra gjenoppretta forholdet og levde tenåra i Magdalena del Mar, ein middelklasseforstad til Lima. Her studerte han frå 1947 til 1949 ved den kristne ungdomsskolen Colegio La Salle.
mini|Kapellet ved militærakademiet i Lima der Vargas Llosa studerte. Då Vargas Llosa var fjorten, sende faren han til Leoncio Prado militærakademi i Lima. Eit år før konfirmasjonen byrja Vargas Llosa å jobbe som amatørjournalist for lokalavisene. Han slutta ved militærakademiet, reiste til Piura og avslutta studia sine der. I Piura arbeidde han for lokalavisa, La Industria, og fekk sjå teaterframsyninga av det første dramatiske verket sitt, La huida del Inca.
Vargas Llosa starta på studium i jus og litteratur i 1953 på Universidad Nacional Mayor de San Marcos i Lima, det eldste universitetet i Amerika. Dette var under regjeringstida til Manuel A. Odría. I 1955, 19 år gamal, gifta Llosa seg med den 13 år eldre Julia Urquidi. Ho var svigerinna til morbroren. Vargas Llosa byrja den litterære karrieren sin for alvor i 1957 med utgjevinga av si første novellesamling, Lós jefes ('Leiarane'), og El abuelo, ('Bestefaren') samstundes som han arbeidde for to peruanske aviser.Avisene var El Mercurio Peruano og El Comercio. Etter at han vart uteksaminert frå universitetet i 1958, fekk han eit stipend for å studere ved Universidad Complutense de Madrid i Spania. I 1960, etter at stipendtida hans i Madrid hadde var ute, flytta Vargas Llosa til Frankrike i tru på stipend for å studere der, men då han kom til Paris, fekk han vita at førespurnaden om stipend var avslått. Trass den uventa finansielle statusen for ekteparet, valde dei å bli i Paris og for Vargas Llosa byrja no ein periode med fruktbar litterær produksjon. Ekteskapet deira varte berre nokre få år, og enda i skilsmisse i 1964. Eit år seinare gifta Vargas Llosa seg med kusina Patricia Llosa, og dei fekk tre born: Álvaro Vargas Llosa (1966), forfattar og redaktør, Gonzalo (1967), forretningsmann, og Morgana (1974), fotograf. Skrivekarriere Byrjinga og det første store verket Vargas Llosa sin første romanen, La ciudad y lós perros, kom ut i 1963. Handlinga utspelar seg rundt eit fellesskap av kadettar på Lima militærskole, og handlinga er basert på forfattaren sine eigne opplevingar på militærakademiet der. Dette tidlege stykket fekk stor offentleg merksemd og spontan suksess. Vitaliteten og den dugeleg bruken av avanserte litterære teknikkar imponerte kritikarane umiddelbart, og han vann kritikarprisen Premio dei la Crítica Española. Likevel førte den skarpe kritikken av det peruanske militære etablissementet til kontroversar i Peru. Fleire peruanske generalar gjekk laus på romanen, og hevda at han var gjort med eit «degenerert sinn» og at Vargas Llosa var betalt av Ecuador for å undergrave omdømet til den peruanske hæren.
I 1965 kom etterfølgjaren La casa verde, om ein bordell med namnet «Det grøne huset» og korleis det mystiske nærværet til huset påverkar liva til figurane i boka. Hovudplottet følgjer Bonifacia, ei jente som forvandlar seg til 'la Selvatica', den mest kjende prostituert i «Det grøne huset». Romanen fekk straks ei entusiastisk mottaking, og stadfesta Vargas Llosa som ei viktig røyst blant forteljarar i Latin-Amerika. La casa verde vann den første Rómulo Gallegos-prisen i 1967, i konkurranse med verk av veteranen, den uruguayanske forfattaren Juan Carlos Onetti, og av Gabriel García Márquez.. Sjå dessutan Denne romanen åleine samla nok prisar til å plassere forfattaren blant dei leiande i den latinamerikanske oppblomstringa. Einskilde kritikarar ser framleis på La casa verde som Vargas Llosa sin finaste og viktigaste prestasjon nokosinne. Den latinamerikanske litteraturkritikaren Gerald Martin har jamvel lagt framlegg om La casa verde som ein av dei største romanane som har kome frå Latin-Amerika.
Den tredje romanen frå Vargas Llosa, Conversación en La Catedral, vart utgjeve i 1969 då forfattaren var 33 år gamal. Denne ambisiøse forteljinga er historia om ministersonen Santiago Zavala og sjåføren hans, Ambrosio. Dei to treftest tilfeldig på ein heim for eigarlause hundar, der det kjem til ein opprivande samtale som held fram på ein nærliggjande bar kjent som «Katedralen». Gjennom samtalen, som set søkjelys på den herskande diktatoren, søkjer Zavala etter sanninga om faren si rolle i mordet på ein ukjent peruansk motstandsmann. Dessverre for Zavala leier søket inn i ei blindgate utan svar og teikn til ei betre framtid. Romanen åtek den diktatoriske regjeringa til Odría ved å vise korleis eit diktatur styrer og øydelegg livet åt menneske. Det vedvarande temaet håpløyse gjer Conversación en La Catedral til Vargas Llosa sin bitraste roman.
1970 og «oppdaginga av humor» I 1971 publiserte Vargas Llosa García Márquez: Historia dei un deicidio, som var doktorgradsavhandlinga hans ved Universidad Complutense de Madrid.Jaime Perales Contreras, review of Mario Vargas Llosa, Obras Completas, Vol. VI, Tomo. I, in Americas Magazine, Organization of American States, July-August, 2007. Denne omfattande studien handlar om venen, den colombianske forfattaren og nobelprisvinnaren i litteratur Gabriel García Márquez, som han seinare blei uvenn med. I 1976 slo han Márquez i ansiktet ved Palacio de Bellas Artes i Mexico by og dette blei slutten på venskapen deira."Todo occurrió en 1976, en el Palacio de Bellas Artes de la ciudad de México. [. . .] todos los presentes quedaron impresionados y sorprendidos por el puñetazo que MVLL propinó a García Márquez cuando el escritor colombiano venía a abrazar al novelista peruano." Ingen av dei to forfattarane har tala offentleg om dei underliggande årsakene til usemja. Eit fotografi av García Márquez med blått auge vart publisert i 2007, det vekte offentleg interesse for feiden. Trass tiår med tystnad, tillét Vargas Llosa i 2007 bruk av ein del av boka si som introduksjon til 40-års jubileumsutgåva av Márquez sin roman Hundre års ensomhet, utgjeve i Spania og i Latin-Amerika det året. Historia dei un deicidio vart òg gjeve ut på nytt dette året, som ein del av Vargas Llosa sine samla verk.
Etter den monumentale arbeidet Conversación en La Catedral, gjekk Vargas Llosa bort frå meir alvorlege tema som politikk og problem med samfunnet til meir satiriske skildringar. Den latinamerikanske litteraturforskaren Raymond L. Williams skildrar denne fasen i forfattarskapet hans som «oppdaginga av humor».Sitert i Dei første freistnadane hans på ein satirisk roman var Pantaleón y las visitadoras, utgjeve i 1973, omsett til bokmål som Pantaleón og tjenerinnene. Denne korte, komiske romanen gjev lesaren vignettar av dialogar og skildringar av dei peruanske væpna styrkane samt eit korps av prostituerte med oppdrag å vitje dei militære utpostane i fjerntliggjande jungelområde. Handlinga er ikkje ulik det ein finn i den tidlegare romanen La casa verde, men ho er i ei anna form. Såleis er Pantaleón y las visitadoras i hovudsak ein parodi både på La casa verde og den litterære tilnærminga som den romanen representerer. Vargas Llosa fekk ideen til handlinga i Pantaleón y las visitadoras etter sjølv å ha vore vitne til korleis den peruanske hæren tilsette prostituerte og førte dei inn i jungelen for å tene soldatane der.
Frå 1974 til 1987 fokuserte Vargas Llosa på forfattarskapen, men tok seg òg tid til andre initiativ. I 1975 regisserte han ei filmatisering av Pantaleón y las visitadoras. Etter denne mislukka produksjonen, vart han vald til president for International PEN, ein verdsomspennande samskipnad av forfattarar. I denne perioden talte Vargas Llosa stadig på konferansar arrangert av internasjonalt anerkjende institusjonar som til dømes Det hebraiske universitetet i Jerusalem og Universitetet i Cambridge.