Byrds er det tolvte og siste studioalbumet til det amerikanske rockebandet The Byrds og kom ut i mars 1973 på Asylum Records. Albumet vart spelt inn av dei fem originale medlemmene i The Byrds som nettopp var blitt gjenforeint:Roger McGuinn, Gene Clark, David Crosby, Chris Hillman og Michael Clarke. Den siste gongen alle fem medlemmene hadde arbeida i lag som The Byrds var i 1966, før Gene Clark forlet bandet. Under gjenforeininga spelte framleis den nyare utgåva av The Byrds konsertar fram til februar 1973, med McGuinn som det einaste medlemmet i begge utgåvene.

Albumet fekk generelt dårleg kritikk då det kom ut, og mange kritikarar peikte på mangelen på musikalsk samkjensle og mangelen på den klingande gitaren som hadde prega albuma deira då dei spelte i lag sist. Likevel nådde albumet 20. plass på den amerikanske albumlista og 31. plass i Storbritannia. I USA var dette den høgaste plasseringa dei hadde hatt med eit album sidan Turn! Turn! Turn! i 1965, som òg var det førre albumet der Clark var med heile vegen. Tre av songane på albumet, «Full Circle», «Things Will Be Better» og «Cowgirl in the Sand» vart gjevne ut som singlar i 1973, men ingen av desse gjorde det særleg bra.

Innhald

Medverkande The Byrds Roger McGuinn – gitar, banjo, Moog synthesizer, vokal Gene Clark - gitar, munnspel, tamburin, vokal David Crosby - gitar, vokal Chris Hillman – elektrisk bass, gitar, mandolin, vokal Michael Clarke – trommer, congatrommer, perkusjon

Andre medverkande Wilton Felder - elektrisk bass på «Cowgirl in the Sand» Johnny Barbata - trommer på «Cowgirl in the Sand» Dallas Taylor - congatrommer, tamburin

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Byrds (album)» frå , den 19. oktober 2010. oppgav desse kjeldene: Rogan, Johnny, The Byrds: Timeless Flight Revisited, Rogan House, 1998, ISBN 0-95295-401-X Hjort, Christopher, So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965–1973), Jawbone Press, 2008, ISBN 1-90600-215-0. Einarson, John, Mr. Tambourine Man: The Life og Legacy of the Byrds' Gene Clark, Backbeat Books, ISBN 0-87930-793-5.

Kategori:Musikkalbum frå 1973 Kategori:The Byrds-album Kategori:Asylum Records-album Kategori:Warner Bros. Records-album Kategori:Elektra Records-album Kategori:Warner Music Group-album Kategori:Wounded Bird Records-album Kategori:Rhino Records-album