Neil Young er debutalbumet til den kanadiske musikaren Neil Young. Det kom ut 12. november 1968 etter at han hadde forlate bandet Buffalo Springfield.The Village Voice (1969-02-06) «Reprise Ad – Tea Fan Seeks Mate». News.google.com. Henta 2. februar 2019. Albumet vart delvis miksa på ny og gjeve ut att 22. januar 1969 på Reprise Records. Albumet gjekk ikkje inn på Billboard 200-lista.
Utgjeving
Mange kjelder oppgjev januar 1969 som utgjevingsdatoen til Neil Young, men albumet vart opphavleg gjeven ut 12. november 1968 (23-årsdagen til Young). Den første utgjevinga nytta kodingssystemet Haeco-CSG. Denne teknologien var meint å gjere stereoplater kompatible med monoplatespelarar, men hadde den uheldige effekten at lyden vart dårlegare i både stereo og mono. Young var misnøgd med lydkvaliteten på den første utgjevinga, så albumet vart delvis miksa på nytt i januar 1969 og så gjeven ut utan dette kodingssystemet. Samstundes vart «Neil Young» sett på toppen av plateomslaget. Den første utgåva hadde berre hatt portrettet av Young. Kopiar av den originale 1968-utgåva er no eit ettertrakta samleobjekt.
Neil Young vart ommastra og gjeve ut på HDCD-koda CD og digital utgåve den 14. juli 2009 som ein del av Neil Young Archives Original Release Series. Det vart òg gjeve på audiofil vinyl i desember 2009 både aleine og som ein del av ein boks med dei fire første platene til Young. Denne utgåva var berre mogeleg å få kjøpt via nettsida hans. Boksen var avgrensa til tusen eksemplar. Ein CD-versjon på 3000 eksemplar finst òg. Det har vore planlagt ein høgoppløyseleg digital blu-ray-versjon av albumet, men denne er ikkje komen ut enno.
Mottaking
Rolling Stone skreiv «på mange måtar ein gledeleg reprise av Springfield gjort på ein ny måte.» I ein nyare melding skildra AllMusic albumet som «ein ujamn, lågmælt introduksjon til solokarrieren til Young».
Innhald
Medverkande Neil Young – vokal, gitar, piano, synthesizer, cembalo, pipeorgel, produsent Ry Cooder – gitar, produksjon Jack Nitzsche – elektrisk piano, arrangement, produksjon Jim Messina, Carol Kaye – bass George Grantham, Earl Palmer – trommer Merry Clayton, Brenda Holloway, Patrice Holloway, Gloria Richetta Jones, Sherlie Matthews, Gracia Nitzsche – korvokal ikkje identifiserte - trompet, trombone, tenorsaksofon, valthorn, klarinett, pauker, strykarar
Produksjon David Briggs – produsent Dale Batchelor, Donn Landee, Mark Richardson, Henry Saskowski – lydteknikar Rik Pekkonen – arrangement, lydteknikar Danny Kelly – fotografi Ed Thrasher – kunstnarisk leiar Roland Diehl – måleri på framsida av omslaget
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Neil Young (album)» frå , den 23. oktober 2010 og 2. februar 2019.
Bakgrunnsstoff Tekstar Offisiell dokumentasjon for Neil Young
Kategori:Neil Young-album Kategori:Debutalbum frå 1968 Kategori:Album produserte av David Briggs Kategori:Album produserte av Jack Nitzsche Kategori:Reprise Records-album Kategori:Album produserte av Neil Young Kategori:Album produserte av Ry Cooder Kategori:Album spelte inn i Sunset Sound Recorders Kategori:Album spelte inn i Wally Heider Studios