«Suite: Judy Blue Eyes» er ein suite av kortare songar skriven av Stephen Stills og framført av Crosby, Stills & Nash. Songen kom ut på debutalbumet til bandet i 1969 og vart òg gjeven ut som singel. Singelen nådde 21. plass på den amerikanske singellista og er rangert på 426. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene.
Gruppa har spelt songen mange gonger, mellom anna på Woodstock- og Live Aid-festivalane. Tittelen kan vere eit ordspel for «Sweet Judy Blue Eyes», og at songen kan reknast som ein musikalsk suite.
Den akustiske gitaren i songen er stemnd med ei særs uvanleg stemming. I staden for den tradisjonelle EADGBE, er han stemnd EEEEBE, som òg vert kalla «Bruce Palmer Modal Tuning». Stills nytta den same stemminga for «4+20». Han nyttar òg ei liknande stemming for «Carry On», men alle tonane er då droppa ein halvtone.
Historie Tittelen viser til den tidlegare kjærasten til Stephen Stills, låtskrivaren Judy Collins, og teksten inneheld tankar om henne og det truande brotet i forholdet deira. Collins er kjend for dei gjennomtrengande blå augo sine.
Collins og Stills hadde møtt kvarandre i 1967 og var i eit forhold i lag i to år. I 1969 deltok ho i New York Shakespeare Festival-musikalen Peer Gynt og hadde vorte forelska i medspelaren Stacy Keach. Ho forlet etter kvart Stills for Keach. Stills var så ute av seg på grunn av det føreståande brotet at han skreiv denne songen. I eit intervju i 2000 gav Collins uttrykk for tankane sine då han først høyrte songen:
[Stephen] kom til der eg song ein kveld på vestkysten og han tok med seg gitaren til hotellet og song med 'Suite: Judy Blue Eyes', heile songen. Og selvfølgeleg har songen linjene som referer til terapien min. Så han vov alt det saman til denne praktfulle skapinga. Så arva etter forholdet vårt er utan tvil i den songen.
Gruppa Crosby, Stills og Nash vart skapt for denne songen. Stephen Stills og David Crosby hadde leika med ideen om å lage ein vokaltrio ei stund, men hadde ikkje funne ein passande tredje person. Av dei som vart vurdert var John Sebastian frå The Lovin' Spoonful. Ein kveld var dei to på ein fest hos Mama Cass Elliot. Stills og Crosby øvde der på ein ny song dei hadde laga, kalla «You Don't Have to Cry». Då dei var ferdige bad ein av dei andre gjestene, Graham Nash, som hadde møtt Crosby då dei spelte i sine tidlegare band, om å spele songen eit par gonger til. Etter å ha lytta til songen, slo Nash seg med la ein høgare tredje harmonivokal over dei to andre stemmene. Crosby og Stills hadde funne den tredje partnaren sin.
Seksjonar Songen har fire hovuddelar Første del Denne seksjonen er ein tradisjonell popsong. Han har refrenget «I am yours, you are mine, you are what you are». Partiet varer om lag 2:55. Han har ein solo sungen av Stephen Stills. David Crosby og Graham Nash syng harmonivokal.
Andre del Denne seksjonen er meir langsam og er sungen solo av Stephen Stills. Han varer frå 2:55 til 4:43.
Tredje del Denne delen er meir livleg og har meir poetisk tekst. Han starta kring 4:43 og varer til 6:25.
Fjerde del Den fjerde delen, avslutninga, er sungen på spansk. Delen starta kring 6:34 og varer til slutten av songen. «Doo-doo-doot»-vokalen gjer teksten vanskeleg å forstå.
Denne delen har vorte parodiert mange gonger, mellom anna i Frank Zappa-songane «Billy the Mountain» og «Magdalena» på The Mothers of Invention-albumet Just Another Band From L.A.. Han er òg sampla i 2010 av Cypress Hill på songen «Armada Latina».
Medverkande David Crosby – harmonivokal Stephen Stills – solovokal, akustisk gitar, bass, klaverinstrument, perkusjon Graham Nash – harmonivokal
Salslister Liste (1970–71) Plassering Canada 100 (RPM)11scope="row" US Hot 100 (Billboard)21US Cash Box Top 100Cash Box Top 100 Singles, 29. november 196915
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Suite: Judy Blue Eyes» frå , den 24. oktober 2010. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1969 Kategori:Singlar frå 1969 Kategori:Crosby, Stills, Nash & Young-songar Kategori:Songar skrivne av Stephen Stills Kategori:Atlantic Records-singlar 426 Kategori:Dread Zeppelin-songar Kategori:Liberace-songar Kategori:Stephen Stills-songar