«The Needle and the Damage Done» er ein song av Neil Young som skildrar heroinmisbruket til fleire musikarar han kjende. Han vart skriven om herionmisbruket til Crazy Horse-gitaristen Danny Whitten og peikar framover til temaet på «Tonight's the Night», ein song om heroinoverdosen og dødsfallet til Bruce Berry, ein roadie for Young og bandet Crazy Horse.

«The Needle and the Damage Done» vart først gjeven ut på Harvest i 1972. Songen vart spelt inn under ein konsert i staden for i studio. Songen finst òg på samlealbuma Decade og Greatest Hits. I dei handskrivne notata på Decade seier Young om songen: «Eg er ikkje ein predikant, men dette dopet har teke livet av mange store menn».

Ei innspeling av songen frå 1971 vart gjeven ut på albumet Live at Massey Hall 1971 i 2007. Før songen seier Young om songen: Heilt sidan eg forlet Canada, for om lag fem år sidan...og flytta sørover...så fann eg ut mykje eg ikkje viste før eg drog. Nokre ting er bra og andre er dårlege. Eg fekk oppleve mange store musikarar før dei vart...før dei vart kjende...du veit, når dei berre spelte. Fem og seks konsertar kvar kveld...ting som det. Og eg fekk oppleve mange store musikarar som ingen nokon gong fekk sjå. Av ein eller annan grunn. Men...merkeleg nok, dei verkeleg gode...som du aldri fekk oppleve...på grunn av heroin. Og det byrja å skje om att og om att. Så skjedde det med nokon eg kjende. Så eg berre skreiv denne vesle songen.

Andre versjonar Andre artistar som har spelt songen er Our Lady Peace, Green River, Duran Duran, Lior, Simple Minds, The Pretenders, The Bronx, John Frusciante, Seether, Flea, Andrea Corr, Laura Marling, Pete Doherty, Eddie Vedder, Dave Matthews og Jewel.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Needle and the Damage Done» frå , den 27. oktober 2010.

Kategori:Neil Young-songar Kategori:Songar frå 1972 Kategori:Protestsongar Kategori:Songar skrivne av Neil Young Kategori:Songar om død Kategori:Songar om heroin Kategori:Songar om narkotika Kategori:Songar produserte av Neil Young Kategori:Duran Duran-songar Kategori:The Pretenders-songar Kategori:Simple Minds-songar Kategori:Dave Matthews-songar