«Time Fades Away» er ein song av Neil Young frå albumet Time Fades Away i 1973. Songen vart gjeven ut som singel i 1973, men nådde ikkje listene nokon stad.
Songen er opningssporet på albumet. Songen er ein typisk falleferdig song som har fått særs røff handsaming på albumet, med vokalharmoni frå Young og David Crosby. Songen er typisk for mange av songane i «grøftetriologien», dei mørke platene han lagde på midten av 70-talet. I følgje Allmusic har songen likevel ein fengande melodi med flott kro-piano innmellom tekstlinjene.Allmusic
Kjelder
Kategori:Neil Young-songar Kategori:Songar frå 1973 Kategori:Songar skrivne av Neil Young Kategori:Songar produserte av Neil Young Kategori:Reprise Records-singlar