Life er eit album av Neil Young & Crazy Horse som kom ut 6. juli 1987. Dette var det første albumet hans med Crazy Horse sidan Re-ac-tor i 1981 og det siste han gav ut på Geffen. Som med albumet Rust Never Sleeps frå 1979, bestod albumet av konsertopptak av berre nye songar. Unntaket var «Cryin' Eyes» og «We Never Danced», som vart spelte inn i studio.
Dei første tre songane omhandla alle verdspolitikk og rolla til USA i verda. «Long Walk Home» føler til dømes med soldatar stasjonert utanlands. Sjølv om desse songane var eit svar til hendingar som Bombinga av Beirut i 1983 og Qaddafi, fann Young ny meining i desse songane etter krigen mot terror og okkupasjonen av Irak. Under «Freedom of Speech»-turneen sin etter Living with War, posta Young videoar av desse tre songane på nettsida si. Videoane til «Mideast Vacation» og «Long Walk Home» vart seinare gjevne ut på DVDen som følgde albumet Living with War: In the Beginning.
Det meste av albumet vart spelt inn live på konsert i Universal Amphitheatre i Universal City i California den 18. og 19. november 1986. «Mideast Vacation», «Around The World» og «When Your Lonely Heart Breaks» vart spelte inn den 18., «Inca Queen», «Too Lonely» og «Prisoners Of Rock 'N' Roll» vart spelte inn den 19. «Long Walk Home» er ein miks frå begge dagane.
Songen «We Never Danced» var blitt nytta først i filmen Made in Heaven i 1987, i ein versjon sungen av Martha Davis frå The Motels. Young hadde ei lita rolle i filmen som lastebilsjåfør.
Tittelen og omslaget syner Young som ein fange av sin eigen musikk. Nummer fem er skravert inn i veggen på fengselscella, det same talet på album som Young gav ut på Geffen Records.
Innhald
Medverkande Neil Young - gitar, munnspel, keyboard Crazy Horse Poncho Sampedro - gitar, keyboard Ralph Molina - trommer Billy Talbot - bass
Teknisk David Briggs – produsent (1-8) Jack Nitzsche – produsent (9) Bryan Bell – programmering, synth-bank Michael Hoenig – programmering (9) Niko Bolas – innspeling (1–6, 8, 9), miksing (1–4, 9) Coke Johnson – innspeling (7), miksing (5–8) Tim Mulligan – lydteknikar Richard Landers – lydteknikar Brian Soucy – lydteknikar Chris Bellman – mastering
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Life (Neil Young & Crazy Horse album)» frå , den 29. oktober 2010. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Konsertalbum av Neil Young Kategori:Musikkalbum frå 1987 Kategori:Album produserte av David Briggs Kategori:Album produserte av Jack Nitzsche Kategori:Geffen Records-album Kategori:Crazy Horse-album