This Note's for You er eit album av Neil Young som kom ut 11. april 1988 på Reprise. Det var opphavleg oppført som av «Young and the Bluenotes». Ein del av albumet omhandlar kommersialismen i rock and roll, og særleg kommersielle turnear. Tittelsporet er til dømes ein samfunnskommentar om sponsa konsertar. Albumet er prega av blues og rock med bruk av blåsarar. Det var òg det første albumet hans attende på Reprise, etter å ha vore på Geffen det meste av 80-åra.

I 2015 gav Young ut eit konsertalbum frå turneen etter albumet, kalla Bluenote Café.

Utgjeving Videoen for tittelsporet inneheldt ein Michael Jackson-dobbeltgjengar som får håret sitt i brann. Videoen er ein parodi på musikkindustrien, kravet om reklame og særleg Michael Jackson. Videoen vart først bannlyst av MTV etter at advokatane til Michael Jackson trua med søksmål. Etter at videoen vart ein hit på kanadiske MuchMusic, ombestemte MTV seg og spelte etter kvart videoen mykje, og til slutt vann videoen pris for årets beste musikkvideo på MTV for 1989. Videoen vart regissert av Julien Temple og skriven av Charlie Coffey. Han vart òg nominert til ein Grammy for beste konseptvideo, men tapte for «Weird Al» Yankovic sin Michael Jackson-parodi av «Bad», «Fat».

Albumet er tilskriven Neil Young & the Blue Notes, men då Harold Melvin, som grunnla R&B-gruppa Harold Melvin and the Blue Notes, saksøkte Young for å bruke «Bluenotes»-namnet, er albumet no tilskriven Neil Young som eit soloalbum. Backingbandet for albumet endra sidan namnet sitt til «Ten Men Workin'».

Albumet fekk betre kritikk enn dei føregåande Young-albuma på 80-talet hadde fått, men selde dårleg.

Innhald

Medverkande Neil Young - vokal, gitar Chad Cromwell - trommer Rick Rosas - bass Frank Sampedro - keyboard Steve Lawrence - tenorsaksofon Ben Keith - altosaksofon Larry Cragg - baritonsaksofon Claude Cailliet - trombone John Fumo - trompet Tom Bray - trompet

Kjelder Denne artikkelen bygger på «This Note's for You» frå , den 29. oktober 2010.

Kategori:Musikkalbum frå 1988 Kategori:Neil Young-album Kategori:Reprise Records-album Kategori:Album produserte av Neil Young Kategori:Album produserte av Niko Bolas