2026 er eit normalår som byrjar på ein torsdag i den gregorianske kalenderen.
Hendingar
Utlandet
1. januar: Bulgaria tok i bruk euro som valuta, som den 21. medlemsstaten i eurosona. 2. januar: Ekvatorial-Guinea flytta hovudstaden sin frå Malabo til Ciudad de la Paz. 3. januar: USA sende fleire luftåtak mot nordlege delar av Venezuela, og tok president Nicolás Maduro og kona hans Cilia Flores til fange. 5. januar: Delcy Rodríguez blei formelt svoren inn som mellombels president av Venezuela. 23. januar: Ilijana Jotova blei den fyrste kvinnelege presidenten av Bulgaria etter at Rumen Radev trekte seg. 6.-22. februar: Tilskipinga av vinter-OL 2026, dei 25. olympiske vinterleikane i Milano og Cortina d'Ampezzo i Italia. 17. februar: Presidenten av Peru José Jerí tapte eit mistillitsforslag i Kongressen og blei fjerna frå embetet. Han blei etterfølgd av José María Balcázar. 28. februar: Israel og USA gjekk til åtaka på Iran og drap fleire høgtståande folk i landet, mellom dei statsleiaren Ali Khamenei. Iran gjekk til motåtak mot Israel og mot amerikanske militærbasar i Persiabukta, og stengde Hormuzsundet for skipstrafikk. 16. mars: Minst 400 menneske blei drepne og over 250 skadde i pakistanske luftåtak mot eit sjukehus i Kabul i Afghanistan.
Forventa fullføring av Sagrada Familia i Barcelona.
Noreg
Kjelder