mini|«Hamnen» i Sygnefest her har dei ulike gardane hatt båtar og naustrett mini|Naust ved «Hamnen» i Sygnefest. Ved sjøen har det også vore drive eit lite sagbruk mini|Garden Sygnefest ligg litt opp frå sjøen. Huset vart reparert og fekk nye vindaugo i 2010. Biletet viser huset før dei nye vindaugo vart sette inn. Sygnefest er ein stad som ligg mellom Dingja og Rutledal i Gulen kommune i Vestland. Staden ligg ved Sognesjøen ved innlaupet til Sognefjorden. Vest for Sygnefest stikk Vardeneset fram. Her vart det tent eld når det var krig.
Namnet Namnet Sygnefest kjem av «sygnir» som tyder folk frå Sogn og «festr» som finst i båtfeste. Namnet viser til den første hamna i Sogn om ein kjem frå Vest og den siste om ein kjem frå aust. Sygnefest vert uttalt «sy'ggnefesta». I 1603 vart det skrive Sognefeste, i 1611, 1667, 1723 Sognefest. Opphavet til namnet er det gammalnorske Sygnefestr.Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid, side 112
Gardsbruk I Sygnefest har det vore to gardsbruk: Sygnefest og Sygnefestberget.
I manntal for åra 1612-1642 er nemnt ein Knut Sygnefest som skal ha budd på garden Sygnefest.Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid side 125 Dei første brukarane var husmenn. Dei budde i Sygnefest, men kvar er det ikkje opplyst i kjeldene.Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid side 129
Dei første som budde på Sygnefestberget var husmenn. Dei fleste av desse husmennene var mannskap på jektene, eller så drev dei fiske ved sida av det dei fekk ut av dei små jordlappane. Nokre hadde ikkje jord i det heile, men var såkalla strandsitjarar.
Hamn Sygnefest var først og fremst brukt som ei jektehamn. Båtane kom dit med dei austlege vindane, men vart så liggjande vêrfaste då dei ikkje kunne sigle vidare innover fjorden. Ved langvarig austavind kunne det hope seg opp mange båtar. Sjøvegen var einaste vegen inntil 1968. Da fekk Sygnefest vegsamband over Vatne og Brosvik til resten av Gulen.Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid, side 113
Omlastingshamn Sygnefest vart brukt til omlastingshamn for Fylkesbaatane før 1918. Båttrafikken auka fram til andre verdskrigen i 1940. På det meste kunne det vera 17 båtstopp i veka, og dei fleste av desse var omlastingar. Hovudrutene til Nordfjord, Sunnfjord og Sogn gjekk vanlegvis frå Bergen om kveldane og kom inn til Bergen om morgonen. Rutene frå nord og sør møttest i laupet av natta i Sygnefest.Sognefest, Gunnar; «Sygnefest som trafikk-knutepunkt», Glimt frå Gulen,side 58
Handel og gjestgjevari mini|Noverande hus i Sygnefest. Butikk og postopneri var i underetasjen mini|Skulehuset i Sygnefest er ein del år vorte brukt som grendehus mini|Vegen opp frå sjøen til garden Sygnefest, legg merke til stabbesteinane Det har vore drive handel i Sygnefest sidan kring 1670. Frå tidleg på 1700-talet har det også vore gjestgjevari her. I 1739 vart det halde eit ting i Sygnefest som tilrådde at det skulle opnast gjestgjevarstad der.Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid side 126 I 1778 vart det gitt kongeløyve til å drive gjestgjevarstad og handel med tobakk på Sygnefestberget.Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid side 118 På sørsida av hamna vart det sett opp ei forsvarleg bryggje av stein og tømmer slik at båtane kunne feste taua sine.Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid side 119 Gjestgjevaria selde øl, brennevin, tobakksvarer og piper då det fanst lite reisande gjester, og dei som var, sov ombord i båtane sine. Ei rekkje lover gjorde det vanskeleg for gjestgjevaria å overleve. I 1827 vart det forbode å kaste ut dei som drakk seg fulle.Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid side 122 I 1845 forbaud Stortinget heimebrenning, og lensmennene reiste rundt og øydela mange tusen brennevinskjellarar. Men det var rutebåtane som tok knekken på gjestgjevaria. Den første av dei, «Prinds Carl», tok i 1848 til å gå i rute mellom Kristiansand og Trondheim. Denne stoppa berre i Skjerjehamn og ingen andre stader i Gulen. Fylkesbaatane hadde ikkje nokon skikkeleg kai å leggje til, så passasjerar måtte bruke båt ut til rutebåtane, så det var berre dei som skulle til stadene som gjekk i land. I 1897 vart gjestgjevarstaden nedlagt for då hadde Fylkesbaatane jamn drift, så det var ikkje bruk for overnatting. I Sygnefest vart derfor gjestgjevarstaden erstatta med ein vanleg landhandel.
Annan verksemd I 1886 vart det oppretta postopneri i Sygnefest. I 1890 vart det bygt kai slik at rutebåtane kunne leggja til. Same året brann hele handelsstaden ned. Et nytt toetasjes hus vart oppført, og det inneheldt både landhandel og gjestgjevari. I 1910 vart det opna ein telefonstasjon i Sygnefest som var i bruk til Sygnefest kom inn under Eivindvik i 1967. I 1918 vart Sygnefest skule bygd på garden Lyngnes.Fylkesarkivet I 1929-30 vart det bygt ny ekspedisjonskai.Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid side 124 I 1961 brann huset ned og same året vart det bygt eit nytt hus med butikk og postkontor nær kaien som var nybygd i 1952. Vatn vart lagt inn i 1930, men ein fekk ikkje elektrisk kraft før i 1957. I 1986 vart huset kjøpt av forfattaren Rolf Sagen.
Referansar
Litteratur Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid, Gulen Kommune 1996 Sognefest, Gunnar; «Sygnefest som trafikk-knutepunkt» i Glimt frå Gulen, Kultursogeskrift 1998, side 58-62
Bakgrunnsstoff
Nrks Fylkesleksikon: «Handels- og gjestgjevarstaden Sygnefest» Nrks Fylkesleksikon: «Ferdsla på fjorden og i kystleia ved Gulen»
Kategori:Bygder i Gulen