Trond Waage () er ein norsk spesialpedagog. Sidan 2005 har han vore Senior Fellow ved UNICEF sitt internasjonale forskingssenter, UNICEF IRC i Firenze. Før dette var han barneombod.

Waage har embetseksamen i spesialpedagogikk (cand.paed.spec.) frå Universitetet i Oslo. Frå 1980 til 1990 var han leiar for TV-avdelinga ved Institutt for spesialpedagogikk, Universitetet i Oslo/Spesiallærarhøgskulen. I perioden 1987–1991 hadde han oppdrag for UNICEF i Kina og Nord-Korea. Vidare var han rådgjevar i International Council for Distance Education (ICDE) frå 1990 til 1992 og forskingskoordinator i Childwatch International, eit internasjonalt nettverk for barneforsking, i perioden 1992–1996. Deretter vart han utnemnd til barneombud, ei stilling han hadde i to åremålsperiodar, frå 1996 til 2004.

Waage har hatt mange verv, hovudsakleg knytt til rettane til born:

Leiar av utreiinga Det nasjonale kunnskapsnett (SOFF rapport 5, 1993). Medlem av komiteen som evaluerte barneombudet i Noreg (NOU 1995:26). Medlem av leiargruppa for European Network of Ombudsperson for Children (1997–2001), ein periode òg som leiar. Programme Award Member of ChildNet International Styremedlem i John Carew Foundation 2005–2006. Medlem av hovudkomiteen for Helse- og Rehabiliterings Extra-midlar 1998-2004. Styremedlem i Children and War Foundation 2000-2004. Leiar av Bransjerådet for Apoteka 2006-2007.

Han har forska, publisert og forelese rundt temaa barndom i endring, moderne barndom, rettane til born og sjølvstendige menneskerettsinstitusjonar for born.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «» frå , den 6. november 2010.

Store Norske Leksikon om Trond Waage.

Kategori:Norske pedagogar Kategori:Norske embets- og tenestefolk Kategori:Norske ombudsmenn