Sogneoksen naturreservat er eit naturreservat (fuglereservat) i Gulen kommune i Vestland. Formålet med fredinga er å bevara hekkande sjøfugl i øygarden i Sognesjøen. Arealet er 137 dekar, der 27 daa er landareal og 110 daa sjøareal.
Regjeringa vedtok i 1993 Verneplan for sjøfugl som gav 57 fuglereservat på i alt 11 km² langs kysten av Sogn og Fjordane.Sogn og Fjordane - Sjøfuglreservat - Miljøstatus. Planen er basert på dei første verneforslaga frå 1977, vidare Stortingsmelding nr 68 (1980-81) Vern av norsk natur som fastslo målet om å verna eit representativt naturutval i Noreg, og første høyringsforslag om sjøfuglvern i Sogn og Fjordane fra 1984. Det blei i tida 1977-88 gjort synfaring og utreida 350 sjøfugllokalitetar i fylket. Forarbeidet i fylket sin delplan blei sendt ut på høyring i 1991 som Verneplan for sjøfugl - delplan 5 Sogn og Fjordane.Verneplan for sjøfugl - delplan 5 Sogn og Fjordane - Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, 1991. Hovudmålet er å verna hekkeplassar i fylket, med mål om å sikra hekkeplassar for halve bestanden av dei mest vanlege sjøfuglane, og heile bestanden av dei sjeldnaste hekkefuglane i fylket.
I Gulen kommune fekk Lihellene naturreservat og Kvernøyna naturreservat 2. prioritet, mens dei øvrige tre sjøfuglreservata fekk 3. prioritet som vernelokalitetar.Verneplan for sjøfugl - delplan 5 Sogn og Fjordane - Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, 1991, side 52.
Reglar for reservatet Det må ikkje setjast i verk tiltak som kan skade eller forstyrre naturmiljøet. Det er forbode å ferdast i området eller forstyrre fugl i hekkeperioden. Det er våpen- og jaktforbod og bandtvang, og utsetting av vilt er forbode. Ferdsel, camping, og oppankring nærare enn 50 meter er forbode.
Referanse
Bakgrunnsstoff Forskrift om vernetomrpdet - Lovdata. Kart over naturreservatet - Miljøstatus. Besøkt 9. november 2010.
Kategori:Naturreservat i Gulen Kategori:Verneområde oppretta i 1993