mini|Tingstedet med amfi thumb|Flolid under arbeid på Tusenårsstaden Gulatinget Tusenårsstaden Gulatinget ligg på Flolid gard i Gulen kommune i Vestland fylke. Dette var Gulen og Sogn og Fjordane sin Tusenårsstad i 2005
Tingstaden Kvar sjølve tingstaden for Gulatinget har vore, er heilt sikkert. Den har vore på Guløy/Flolid gard.
Monumentet Her er det reist eit monument over tingstaden laga av bilethoggar Bård Breivik. Det består av «Tingveggen», «Tinghella» og «Eldsirkelen», og staden vart høgtideleg opna 27. august 2005 av stortingspresident Jørgen Kosmo, og med mellom andre statsminister Kjell Magne Bondevik til stades. Gulatinget var eit høgtideleg samlingspunkt i si tid. Kunstverket er tenkt å markere ein historisk stad, men det skal også vere ein identitetsskapar for staden og naturen.Morland, Eirik Stanghelle: «Tingveggen på Gulatinget» i Kjelda nr 2, 2010 side 28
Tingveggen Tingveggen skal vere eit symbol på ein historisk møteplass og har eit mektig monumentpreg. Han er laga av 22 steinar som er reiste på høgkant. Kunstverket skal markere ein historisk stad og har likskap med andre monument i naturen for eksempel Stonehenge. Den monumentale utforminga gjer at kunstverket vert eit symbol for tradisjon, makt og historia til staden. Kunstverket er plassert ute i naturen, og tanken er at det skal setjast i samanheng med landskapet, naturen og staden. Staden sine historiske røter skal vere ein del av sjølve kunstopplevinga, men også naturen er teken med i utforminga av Tingveggen. Dette viser seg i materialet, stein som finst i knausane og i landskapet i Gulen.Morland, Eirik Stanghelle: «Tingveggen på Gulatinget» i Kjelda nr 2, 2010 side 27
Monumentet skal også ha ein praktisk funksjon som scene og bakgrunn for framsyningar og musikk. Det er også laga eit amfi i tilknyting til Tingveggen som gjer at monumentet er i dialog med sine omgivnader i staden for å stå som eit framandt element i naturen.Morland, Eirik Stanghelle: «Tingveggen på Gulatinget» i Kjelda nr 2, 2010 side 28
Referansar
Litteratur Morland, Eirik Stanghelle: «Tingveggen på Gulatinget» i Kjelda nr 2, 2010 utgitt av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane side 27-28
Bakgrunnsstoff Heimesida til Tusenårsstaden Omtale av opninga Bilde av tusenårsstaden og frå opninga Gulatinget i Fylkesleksikonet til NRK Sogn og Fjordane Gulatinget - Tusenårsstad for Sogn og Fjordane fylke og Gulen kommune, levert av Stiftinga Jensbua og Flora Turistkontor Soga om Håkon Håkonsson
Kategori:Tusenårsstader Kategori:Historie i Gulen Kategori:Kultur i Gulen