Følblomslekta er ei planteslekt i korgplantefamilien. Følblomartane er fleirårige rosettplantar med buktfinna eller heile blad og bladlaust skaft med ei eller eit par korger som minner om hieracium og hypochoeris. Dei har taklagde svartgrøne korgdekkblad, gule blomstrar utan agner mellom og frukter utan nebb.

mini|venstre|Leontodon saxatilis

Leontodon tuberosus blir brukt som matplante på Kreta. Røtene kan etast råe og blada kan dampast. Elles er frøa til ulike følblomartar viktige matkjelder for fleire fuglar.

Norske artar i følblomslekta I Noreg veks to artar: Følblom (Leontodon autumnalis) Lodnefølblom (Leontodon hispidus)

Kjelder

Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.

Delar av denne artikkelen bygger på «Leontodon» frå , den 2. februar 2015.

Denne artikkelen bygger på «Borst» frå , den 10. november 2010.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Viltveksande plantar i Noreg Kategori:Korgplantefamilien