Robson de Souza () er ein brasiliansk fotballspelar frå São Vicente. Han vert rekna for å vera eit av dei største fotballtalenta i verda. For tida spelar han for landslaget til Brasil, og for italienske AC Milan.

Karriere

Robinho starta å spela for den brasilianske klubben Santos FC i 2002. Han heldt fram med å spela for Santos til 2005, då han signerte femårskontrakt med den spanske klubben Real Madrid. Etter kvart ytra Robinho eit ynske om å forlata klubben.

I september 2008 vart han seld til britiske Manchester City for 42 millionar euro. Frå januar 2010 fekk Santos låna Robinho i seks månader, før han vart seld til AC Milan den 31. august 2010.

Robinho har spelt på det brasilianske landslaget sidan 2003. Som landslagsspelar har han delteke i fotball-VM 2006 i Tyskland, Copa America i 2007 og fotball-VM 2010 i Sør-Afrika. Under fotball-VM 2010 spelte han i kvar kamp Brasil fekk i konkurransen.

Privatliv

Robinho er gift med Vivian Guglielmetti. Dei har ein son i lag, som heiter Robson jr.

Kjelder

Bokmålswikipedia og Engelsk Wikipedia om Robinho.

Kategori:Brasilianske fotballspelarar Kategori:Real Madrid-spelarar Kategori:Manchester City-spelarar Kategori:Milan-spelarar