Verden er ein by i Niedersachsen i Tyskland ved elva Aller. Det er det administrative senteret til distriktet Verden. Verden er kjent for den påståtte massakren på saksarane i 782, gjennomført på ordrar frå Karl den store, då 4500 saksarar skal ha vorte myrda då dei nekta å konvertere til kristendomen. Byen er òg kjend for katedralen til staden og for hesteavl.
Byen fekk byrettar i 1259 og fekk status som ein fri keisarby. Byen var sete for fyrstbiskopen og under sekulariseringa etter reformasjonen vart området eit fyrstedøme. Fyrstedømet vart først styrt i ein personalunion med den svenske krona som Bremen-Verden og frå 1715 med den hannoverske krona.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Verden an der Aller» frå , den 17. november 2010.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Niedersachsen Kategori:Tidlegare land i Europa Kategori:Statar i Det tysk-romerske riket Kategori:Bystatar Kategori:Tidlegare republikkar Kategori:Tidlegare teokrati