Róbert Vittek () er ein slovakisk fotballspelar som for tida spelar for den tyrkiske klubben MKE Ankaragücü.
Karriere
Vittek starta karrieren sin i heimklubben Slovan Bratislava i 1999. I 2003 gjekk han over til 1. FC Nürnberg, som på den tida låg i andre divisjon i den tyske Bundesligaen, men som rykte opp til 1. divisjon (og øvste divisjon) i 2004/05-sesongen. I Nürnberg hadde Vittek litt varierande prestasjonar, men i andre halvdel av 05/06-sesongen spela han så bra at fleire internasjonale klubbar vart interesserte i han. Til slutt skifte han til franske Lille OSC i 2008. Den fyrste februar 2010 forlét Vittek Lille og signerte ein halvtårs låneavtale med tyrkiske MKE Ankaragücü. Seinare same året kjøpte Ankaragücü overføringsbeløpet frå Lille, og Vittek spelar framleis for den tyrkiske klubben.
Vittek har også spela på det slovakiske landslaget sidan 2001. Under fotball-VM 2010 i Sør-Afrika vart Vittek Slovakia sin toppscorar med til saman fire mål. Slovakia vart slått ut av Nederland i ein åttandedelsfinale i denne meisterskapen.
Kjelder
<div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Róbert Vittek» frå , den 17. november 2010.
kategori:Slovakiske fotballspelarar Kategori:Nürnberg-spelarar Kategori:Lille-spelarar Kategori:Ankaragücü-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010