Hjelmvarslarar er ei biologisk slekt av 8 artar av mellomstore sporvefuglar med habitat i krattskog eller opent skogsterreng i Afrika og Sør-Asia. Dei jakter insekt og små byttedyr i buskar og tre. __NOTOC__ Hjelmvarslarar har eit levevis som liknar det ein finn hos varslarar, Laniidae. Dei liknar òg varslarar i kroppsbygging, men fjørdraktene er typisk meir fargerike. Dei kan ha karakteristiske fjørtoppar eller anna pynt på hovudet, som for eksempel hudlappar rundt auga, dette har òg gjeve gruppa namn.

Hjelmvarslarar er bråkete og sosiale fuglar som hekkar i lauslege koloniar. Dei legg 2-4 egg i fint gjorte, godt skjulte reir.

Dei var tidlegare klassifisert i varslarfamilien, Laniidae, i ein kort periode samla i ein eigen familie Prionopidae, saman med slektene oskefuglar, Tephrodornis og filentoma, Philentoma, etter siste revisjon av Clementslista er alle dei tre slektene frå Prionopidae del av vangafamilien Vangidae.

Artslista Hjelmvarslarar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.

Slekt Prionops Kvittopphjelmvarslar, Prionops plumatus Gråtopphjelmvarslar, Prionops poliolophus Gultopphjelmvarslar, Prionops alberti Svartkinnhjelmvarslar, Prionops caniceps Gråkinnhjelmvarslar, Prionops rufiventris Svarthjelmvarslar, Prionops retzii Angolahjelmvarslar, Prionops gabela Brunpannehjelmvarslar, Prionops scopifrons

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Helmetshrike» frå , den 22. november 2010

Referansar

Bakgrunnsstoff Videoar av hjelmvarslarar hos Internet Bird Collection

Kategori:Vangafamilien Kategori:Fugleslekter