Håkon Johannesson Storstein () var ein norsk lærar, gardbrukar, fyrvaktar og stortingsmann frå Skåre i Rogaland. Ole J. Storstein var bror hans.
Far hans var gardbrukar på Storstein i Skåre. Sjølv var han lærar i folkeskulen i heimbygda frå 1842 til 1856. Han overtok farsgarden i 1855 og dreiv denne til 1890. I 1877 vart han fyrvaktar på Røvær, ei stilling han hadde til han døydde.
Storstein var medlem av formannskapet i Skåre frå 1851, ordførar året etter. Elles var han forlikskommissær, presten sin medhjelpar og frå 1872 styreformann i sparebanken. Vidare var han formann i matrikkelkommisjonen i heradet.
Storstein var stortingsmann frå 1862 til 1882, heile tida som representant for Stavanger amt. Han var i alle år medlem av tollkomiteen, i si siste valperiode var han sekretær i komiteen. 1871-82 var han også medlem av valkomiteen. Han var elles medlem av hamnearbeidskommisjonen.
Storstein døydde på Røvær i Skåre i 1908.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1862-1864 Kategori:Stortingsrepresentantar 1865-1867 Kategori:Stortingsrepresentantar 1868-1870 Kategori:Stortingsrepresentantar 1871-1873 Kategori:Stortingsrepresentantar 1874-1876 Kategori:Stortingsrepresentantar 1877-1879 Kategori:Stortingsrepresentantar 1880-1882 Kategori:Stortingsrepresentantar for Rogaland Kategori:Ordførarar i Skåre Kategori:Folk frå Haugesund