Antolín Alcaraz Viveros () er ein paraguayansk fotballspelar som har spelt for engelske Everton (2013-2015) og for andre lag i Paraguay, Argentina, Italia, Portugal, Belgia og England.

Han har spelt for det paraguayanske landslaget sidan november 2008, og deltok under Fotball-VM 2010 i Sør-Afrika. Her skåra han sitt hittil einaste mål for landslaget i ein kamp mot Italia som enda 1 - 1.

Kjelder

Engelsk Wikipedia om Alcaraz.

Kategori:Paraguayanske fotballspelarar Kategori:Fiorentina-spelarar Kategori:Beira Mar-spelarar Kategori:Club Brugge-spelarar Kategori:Wigan-spelarar Kategori:Everton-spelarar