Under den store nordiske krigen vart festninga i Tönning (Tønning) i området Holstein-Gottorp, ein alliert av Det svenske imperiet, kringsett to gonger: Danmark-Noreg vart tvungen til å avslutte den første omleiringa i 1700, men ein samla styrke av koalisjonen mot Sverige klarte å kringsette og ta Tönning i 1713–1714.
1700 Den første omleiringa var ei av dei første militære handlingane i den store nordiske krigen. Danmark-Noreg, Sachsen-Polen-Litauen og Russland hadde vorte samde om å invadere Det svenske imperiet på tre frontar, og danske styrkar rykte derfor inn i Holstein-Gottorp,Frost (2000), s.228 som var allierte med slektskapsband til kongefamilien i Sverige.Frost (2000), s.227 Dei starta kringsettinga av Tönning i mars 1700. Omleiringa vart avslutta då Karl XII av Sverige, med støtte frå Dei maritime maktene, i eit overraskande trekk sette ein arme utanfor København, og tvinga Fredrik IV av Danmark-Noreg ut av krigen med freden i Travendal den 18. august 1700.Frost (2000), s.229 Danmark kom først inn i krigen i igjen i 1709 som følgje av det svenske nederlaget i Poltava.Frost (2000), s.294
1713–1714 Tidleg i 1713 vart styrkar frå Det svenske imperiet og Holstein-Gottorp kringsett av ein samla russisk og saksisk-polsk arme i ei lomme rundt Tönning. Den svenske styrken bestod av restane av den 16 000 mann store armeen til Magnus Stenbock som hadde brote ut av Stralsund-lomma, og ignorert ordre om å marsjere inn i Polen. Han slo ein dansk arme i slaget ved Gadebusch og følgde etter restane av dei inn i Holstein. Dei russiske og saksisk-polske allierte av Danmark sende 36 000 soldatar etter Stenbock.Wilson (1998), s.139
I februar 1713 braut den mindre hertugen Karl Fredrik av Holstein-GottorpBushkovitch (2001), s.310 den sjølvutnemnde nøytraliteten sinJakubowski-Tiessen (1983), s.157 og gav Stenbock vern og hjelpeutstyr ved festninga si i Tönning i vente på støtte frå Dei maritime maktene, slik dei hadde gjort i 1700. Dei maritime maktene blanda seg ikkje inn, og med framleis 9 000 mann att, gjekk Stenbock tom for forsyningar. Då matsituasjonen forverra seg og 2800 svenskar vart sjuke, overgav Stenbock seg den 16. mai 1713.Wilson (1998), s.140
Den 1600 mann sterke garnisonen frå Holstein i Tönning festning heldt ut fram til 7. februar 1714.Jakubowski-Tiessen (1983), s.158 Danske styrkar fekk total kontroll over Holstein-Gottorp etter ordre frå kongen den 13. mars 1713, då dei siste lojale holsteinarane for Sverige vart fanga i 1715. etter at Tönning overgav seg, vart festningsverka og palasset jamna jorda fram til 1735.Klose (1958), s.259
mini|80px|venstre|Görtz
Avgjersla til hertugen av Holstein-Gottorp om å opne Tönning for Stenbock samt å meklarverksemda under den svenske overgjevinga er tilskriven baron Georg Heinrich von Görtz, ein diplomat i hoffet til Karl Fredrik. Dei svenske fangane vart delt likt mellom dei sigrande maktene, tras i ordrane den russiske kommandanten Aleksandr Danilovitsj Mensjikov hadde fått frå tsar Peter den store om å sikre Russland den største parten, sidan russarane hadde medverka med den største kontingenten til den samla armeen. Dette førte til rykte om at Mensjikov vart muta av Görtz.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Siege of Tönning» frå , den 6. desember 2010. oppgav desse kjeldene:
Tønning Tønning Tønning Tønning Tønning Kategori:Konfliktar i 1700 Kategori:Konfliktar i 1713 Kategori:Konfliktar i 1714 Kategori:1700 i Tyskland Kategori:1713 i Tyskland Kategori:1714 i Tyskland