Den spanske arvefølgjekrigen (1701–1714) vart utkjempa mellom fleire europeiske stormakter, hovudsakleg spanjolane lojale til erkehertug Karl, Det tysk-romerske riket, Storbritannia, Dei sameinte Nederlanda, Portugal og Hertugdømet Savoie mot spanjolane lojale til Filip V, Frankrike og Kurfyrstedømet Bayern om ei mogeleg samanslåing av Kongedøma Spania og Frankrike under eitt Bourbon-monarki. Ei slik samanslåing ville drastisk ha endra maktbalansen i Europa. Krigen vart hovudsakleg utkjempa i Europa, men omfatta òg Dronning Anne-krigen i Nord-Amerika og vart prega av kjende generalar som Duc de Villars, jakobitten hertugen av Berwick, hertugen av Marlborough og prins Eugene av Savoie. Krigen enda med at Filip vart anerkjend som konge av Spania, men han måtte samstundes seie frå seg kravet på den franske trona og avstå mange av dei spanske områda til Det tysk-romerske riket, Dei sameinte Nederlanda, Savoie og Storbritannia, som delte Det spanske imperiet i Europa seg i mellom.
I 1700 døydde Karl II, den siste spanske monarken frå Huset Habsburg, utan born, og testamenterte eigedomane sine til Filip, barnebarnet til halvsystera si og kong Ludvig XIV av Frankrike. Filip vart slik Filip V av Spania og sidan han òg var den yngre sonen til Dauphin av Frankrike, var Filip i arvefølgjerekka til den franske trona. Tanken om eit multi-kontinentalt Spania kontrollert av Ludvig XIV framkalla ein massiv koalisjon for å hindre at Filip tok over den spanske trona.
Krigen byrja sakte då Leopold I av Det tysk-romerske riket kjempa for å verne austerrikske Habsburg sitt krav på Spania. Då Ludvig XIV byrja å utvide områda sine, kom andre europeiske nasjonar (hovudsakleg England, Portugal og Dei sameinte Nederlanda) inn på den tysk-romerske sida for å hindre vidare fransk ekspansjon. Andre statar kom inn i koalisjonen mot Frankrike og Spania i eit forsøk på å vinne nye landområda eller verne sine gamle område. Spania var sjølv delt i støtta og hamna ut i borgarkrig.
Krigen fann hovudsakleg stad i Spania og det vestlege og sentrale Europa (særleg Nederlanda), med nokre viktige kampar i Tyskland og Italia. Prins Eugene og hertugen av Marlborough utmerkte seg som militære kommandantar i Nederlanda. Krigen vart ikkje berre utkjempa i Europa, men òg i Vestindia og koloniane i Nord- og Sør-Amerika, der konflikten av kolonistane vart kalla Dronning Anne-krigen. I løpet av heile krigen vart kom lag 400 000 menneske drepne.Statistics of Wars, Oppressions and Atrocities of the Eighteenth Century, Matthew White
Krigen enda med avtalane i Utrecht (1713) og Rastatt (1714). Som følgje av krigen vart Filip V verande konge i Spania, men vart fjerna frå den franske arvefølgjerekka, og ein union mellom dei kongedøma vart hindra. Austerrikarane vann dei fleste spanske områda i Italia og Nederlanda. Hegemoniet til Frankrike på det europeiske kontinentet var over og ideen om ein maktbalanse vart ein del av den internasjonale tankegangen.Wolf, The Emergence of the Great Powers: 1685–1715. s.92 Filip fornya rask den spanske ambisjonen og tok nytte av maktvakuumet som oppstod etter Ludvig XIV døydde i 1715. Filip annonserte at han ville gjere krav på den franske krona om barnet Ludvig XV døydde og han prøvde å ta attende dei spanske områda i Italia. Dette førte til Kvadrupelalliansekrigen i 1717.
Bakgrunn Sidan Karl II av Spania hadde vore psykisk og fysisk svak sidan særs ung alder, var det klart at han ikkje kom til å produsere arvingar. Ein starta derfor å krangle om kven som skulle ta over det spanske kongedømet — som ikkje berre omfatta Spania, men område i Italia, Nederlanda, Filippinane og Amerika. Utan ein direkte arving, søkte ein kandidatar hos systrene til kongen, som kvar hadde om lag dei same rettane til trona, men med særs forskjellige politiske følgjer, og ein konflikt verka umogeleg å unngå. To dynasti gjorde krav på den spanske trona: det franske huset Bourbon og det austerrikske huset Habsburg, som begge var i nær slekt med Karl og faren, Filip IV.
Einearvingen til Karl II var Ludvig, Le Grand Dauphin, sonen til den eldre halvsystera, Maria Theresa og Ludvig XIV av Frankrike. Ludvig og Karl var òg fetters barn, då bestemor til Ludvig, Anne av Austerrike, var syster til far til Karl, Filip IV av Spania. Men valet av dauphinen, som òg var kronprins for den franske trona, var eit problematisk val. Han kunne ha samla Frankrike og Spania til ein union og kontrollert eit enormt rike som kunne ha trua maktbalansen i heile Europa. I tillegg hadde både Anne og Maria Theresa sagt frå seg retten til den spanske trona då dei gifta seg, sjølv om dette for Maria Theresia vart rekna som ugyldig, sidan det var ein del av medgifta til infantinnen som Spania aldri hadde betalt. Ein alternativ kandidat var den tysk-romerske keisaren, Leopold I, frå det austerrikske Habsburg-dynastiet. Som Ludvig XIV, var Leopold fetters born av kongen av Spania og nevø av Filip IV på morsida. Mora var ei yngre syster av Filip IV (Maria Anna av Spania). I tillegg hadde Filip IV fastsett at arva hans skulle gå til dei austerrikske habsburgarane i testamentet sitt. Men Leopold var òg ein problematisk kandidat, for om han hadde teke over trona ville dette ha samla det mektige spansk-austerrike Habsburgriket frå 1500-talet på ny. Det var delvis for å kome franske protestar i forkjøpet at den då barnlause Leopold i 1668, berre tre år etter Karl II tok trona, sa seg villig til å dele dei spanske områda mellom Bourbonane og Habsburgarane, sjølv om testamentet til Filip IV gav han retten til heile riket. Denne stillinga endra seg i 1669 då Leopold sikra seg støtte frå Vilhelm III av England til kravet om eit udelt Spansk imperium mot at Leopold skulle støtte engelskemennene i niårskrigen (1688-1697) mot Frankrike.
Samstundes vart det fødd ein ny kandidat for den spanske trona i 1692. Kurfyrsten Josef Ferdinand av Kurfyrstedømet Bayern var barnebarnet til Leopold I på kvinnesida, og derfor ein del av huset Wittelsbach i staden for Habsburg. Mora hans, Maria Antonia, var ei dotter av Leopold frå det første ekteskapet hans, til den yngste dottera til Filip IV av Spania, Margaret Theresia. Sidan Josef Ferdinand verken var ein Bourbon eller ein Habsburg, var sannsynet for at Spania kunne verte slått saman med Frankrike eller Austerrike liten. Den bayerske prinsen ville ha vore den rettmessige arvingen til den spanske trona i følgje testamentet til Filip IV, og var ein langt mindre farleg kandidat enn dei som var direkte i slekta til Bourbon eller Habsburg, trass i at både Leopold I og Ludvig XIV ville overlate krava sine til ei yngre grein av familiane sine: Leopold til den yngre sonen, erkehertug Karl, og Ludvig til den yngre sonen til kronprinsen, Filip, hertug av Anjou. Josef Ferdinand vart derfor det føretrekte valet til England og Nederlanda, for å hindre at Europa skulle verte dominert av verken Bourbonane eller Habsburgarane.
Då niårskrigen enda i 1697, vart spørsmålet om den spanske arvefølgja kritisk. England og Frankrike, som begge var utslitne etter langvarige krigar, signerte Haag-traktaten i 1698, òg kjend som den første delingsavtalen, der dei vart samde om å anerkjenne Josef Ferdinand som arving til den spanske trona, men delte dei spanske områda i Italia og Nederlanda mellom dei franske og austerrikske dynastia. Dei tok derimot ikkje omsyn til Spania. Då delingsavtalen vart kjend i 1698 protesterte Spania kraftig til den planlagde oppdelinga av riket deira, sjølv om Karl II var samd i å utnemne den bayerske prinsen som arvingen sin. Han overlet heile Det spanske imperiet til han, i staden for delane som England og Frankrike hadde vald ut.
Josef Ferdinand døydde derimot av koppar i 1699, berre seks år gammal, og spørsmålet om den spanske arvefølgja kom opp på ny. England og Frankrike ratifiserte raskt den andre delingsavtalen, der dei gav den spanske trona til erkehertug Karl. Dei italienske områda skulle gå til Frankrike, medan erkehertugen skulle få resten av Det spanske imperiet. Austerrikarane, som ikkje deltok under danninga av avtalen, var misnøgd, for dei ønskte heile Spania og alle områda dei eigde, og for det andre var det dei italienske områda dei hadde aller mest lyst på. Desse var både rikare og nærare Austerrike, og dermed lettare å styre. I Spania var ein enno meir misnøgd med avtalen. Hoffmennene var alle imot delinga, men var internt usamde om trona skulle gå til Habsburg eller Bourbon. Franskmennene hadde derimot mest støtte hos dei spanske statsmennene, og i oktober 1700 gjekk Karl II med på å testamentere alle områda sine til den andre sonen til den franske kronprinsen, hertugen av Anjou. Karl tok førehandsreglar for å hindre ein potensiell union mellom Frankrike og Spania. Om Anjou på noko vis skulle arve den franske trona, skulle Spania gå til den yngre broren hans, Duc de Berri, og så erkehertug Karl som den neste i arvefølgjerekka.
Opptakt mini|venstre|Ludvig XIV av Frankrike (1638–1715), av Hyacinthe Rigaud (1701). mini|Karl II, den siste habsburgske kongen av Spania. Då han døydde braut den spanske arvefølgjekrigen ut sidan både Frankrike og Austerrike ønskte Det spanske imperiet. Då det franske hoffet først fekk vite om testamentet hans og trass i at Bourbon på papiret hadde vunne, meinte rådgjevarane til Ludvig XIV at det var tryggare å godta vilkåra i den andre delingsavtalen enn å risikere krig om heile det spanske arveområdet. Jean-Baptiste Colbert, den franske utanriksministeren, klarte derimot å få fram at uansett om Frankrike aksepterte heile eller delar av Det spanske imperiet, så måtte dei i krig med Austerrike, som ikkje godtok delinga skildra i London-traktaten.
I tillegg sa vilkåra i testamentet til Karl at Anjou fekk valet om å ta heile Det spanske imperiet eller ingenting. Om han nekta ville heile arva gå til den yngre broren til Anjou, Charles, hertug av Berry eller til erkehertug Karl av Austerrike om hertugen av Berry avslo. Dei visste at Dei maritime maktene (England og Dei sameinte Nederlanda) ikkje ville ta Frankrike si side i ein krig som gjekk mot delinga, så Ludvig valde å godta at arva gjekk til barnebarnet.
Karl II døydde den 1. november 1700, og den 24. november erklærte Ludvig XIV Anjou som Filip V, konge av Spania. Den nye kongen vart erklært herskar over heile Det spanske imperiet, som var mot vilkåra i den andre delingsavtalen. Trass i at det var eit brot med avtalen med England, mangla Vilhelm III støtte hos den herskande eliten i England eller Dei sameinte Nederlanda til å erklære krig mot Frankrike, og anerkjende motvillig Filip som konge i april 1701.
Ludvig var derimot vorte for aggressiv i ønsket om å sikre fransk hegemoni i Europa. Han avskar England og Nederlanda frå spansk handel, som var ein alvorleg trugsel for dei kommersielle interessene til desse to landa. Dette gjorde at Vilhelm III kunne sikre støtte hos støttespelarane sine og forhandle fram Haag-traktaten i 1701 med Dei sameinte Nederlanda og Austerrike. Avtalen kom i land den 7. september 1701, og anerkjende Filip V som konge av Spania, men gav Austerrike det dei ønskte mest, dei spanske områda i Italia. Som eit vilkår aksepterte òg Austerrike Dei spanske Nederlanda, for å verne denne viktige regionen frå Frankrike. England og Dei sameinte Nederlanda tok samstundes opp handelen att i Spania.
mini|Filip V av Spania, av Joseph Vivien (1657–1734). Eit par dagar etter avtalen var signert døydde Jakob II, som hadde vorte vorte avsett som konge av Vilhelm III, i Frankrike. England og Dei sameinte Nederlanda hadde alt starta å samle armeane sine, og no, sjølv om Ludvig hadde behandla Vilhelm som konge av England etter freden i Ryswick, anerkjende han no sonen til Jakob II, den katolske James Francis Edward Stuart («Old Pretender»), som den rettmessige monarken. Dette framandgjorde folket i England ytterlegare og gav Vilhelm grunnlag til å gå til krig.