Marko Lomić () er ein serbisk fotballspelar som spelar i forsvar for Dinamo Moskva i den russiske fotballigaen. Han har òg landskampar for Serbia.

Lomić begynte karrieren sin hjå Borac Čačak i heimbyen. I 2002 gjekk han til Litex Lovetsj i Bulgaria, men vende heim etter eit halvt år utan å ha spelt nokon seriekampar. Han vart cupmeister i Serbia med Železnik i 2005. Før 2005/06-sesongen planla han ein overgang til den rumenske klubben FCU Politehnica Timişoara, men kort før kontrakten skulle underskrivast, fekk han eit tilbod frå den serbiske toppklubben FK Partizan i Beograd.

Med Partizan spelte han mellom anna i meisterligakvalifisering i 2005/06-sesongen og i UEFA-cupen i 2006/07, men fekk ingen seriemeisterskap med Partizan. I 2007 gjekk han til den tyske andredivisjonsklubben TuS Koblenz, der han spelte til august 2009. Han var då ikkje med i framtidsplanane til trenaren, og vende attende til Partizan. Der spelte han 2009/10-sesongen, før han gjekk til Dinamo Moskva i Russland våren 2010.

Lomić debuterte for Serbia sitt A-landslag 7. april 2010 i ein kamp mot Japan, men kom ikkje med i Serbia sin tropp til fotball-VM i 2010.

Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå tysk wikipedia 6. desember 2010.

Kategori:Serbiske fotballspelarar Kategori:Koblenz-spelarar Kategori:Dinamo Moskva-spelarar