Andreas Olsen Sæhlie () var ein norsk gardbrukar, næringsdrivar, ordførar og stortingsmann frå Vang i Hedmark.
Han var son til ein brukseigar. Etter han var ferdig med skulegang i Christiania og utanlands byrja han i faren si verksemd som gardbrukar og brennerieigar. Då faren døydde, overtok han desse og utvida både garden Sæli og verksemda elles. Han kjøpte opp fleire skogeigedomar i Noreg og Sverige og eigde Sælie spritfabrikk. Elles var han medeigar i Christiania bryggeri, Hamar bryggeri, Hamar meieri, Ådals bruk, Vardal sliperi og i Telboge og Liljedals glasverk i Sverige.
Sæhlie var ordførar i Vang i åtte år, og ordførar i Oplandske kreditbanks representantskap frå 1879, styreformann i Hedmarks landbruksselskap frå 1881 og medlem av representantskapet i Selskabet for Norges Vel frå 1892.
Sæhlie representerte Hedemarkens amt på Stortinget frå 1868 til -79. Han var 1868-74 sekretær i budsjettkomiteen, 1871-76 medlem av både valkomiteen og jarnbanekomiteen, samt 1875-79 medlem av skattekomiteen. Elles var han medlem av røysterettskomiteen 1875-77, gasje- og pensjonskomiteen 1877-79 og av den parlamentariske skattekommisjonen av 1877. I 1872 var han med i Stortinget sin deputasjonen til tusenårsfeiringa i Haugesund.
Sæhlie døydde under ein fisketur på ein av eigedomane sine i Gausdalsfjella.
Utmerkingar Sæhlie var innehavar av St. Olavs Orden.
Kjelder
Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1868-1870 Kategori:Stortingsrepresentantar 1871-1873 Kategori:Stortingsrepresentantar 1874-1876 Kategori:Stortingsrepresentantar 1877-1879 Kategori:Stortingsrepresentantar for Hedmark Kategori:Ordførarar i Vang i Hedmark Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Folk frå Hamar