Abu'l-Kasim Mansur Firdausi (), ofte kalle berre Firdausi,Namnet Firdausi (فردوسی طوسی ) er ei persisk form av arabisk Pärdisi, 'paradisisk'. Andre latinske skrivemåtar er Ferdousi, Firdusi, Firdavsi og engelsk Ferdowsi. var ein persisk diktar, kjend for nasjonaleposet Shahname, Den iranske kongeboka.

Bakgrunn Firdausi blei fødd rundt 935 i landsbyen Vazh nær Tus i Khorasan aust i noverande Iran. Han høyrde til den iranske landadelen (dihqan), og åtte ein mindre landeigedom.

mini|venstre|Firdausi og hoffdiktarane til Mahmud av Ghazni. Illustrasjon av Aga Mirek Isfahani frå rundt 1532.

Firdausi blei opphavleg kalla Abu'l-Kasim Mansur. Firdausi var forfattarnamnet hans, Tilnamna Tusi eller Khorasani viste til at han kom frå Tus og Khorasan. Hakim, 'doktor', er ein ærestittel som tidvis er blitt sett framfor namnet hans.Døme der han blir kalla Hakim Abu'l-Qasim Firdawsi Tusi på ein iransk pengesetel: www.banknotes.com/ir152a.htm

Firdausi byrja på storverket sitt om lag 975-6 og avslutta det truleg i 1009/10. Han skreiv med støtte først frå lokal adel, seinare frå sultan Mahmud av Ghazni, som han tileigna eposet til. I følgje Firdausi sjølv og fleire mindre sikre soger gav ikkje sultanen han god nok løn for verket. Firdausi døydde på 1020-talet, fattig og vonbroten.

Kongeboka hans er eit verk på over dobbeltvers som gjev eit oversyn over persisk historie frå urtida til den arabiske invasjonen. Firdausi sameinte ei rekkje eldre verk, både folkedikting, soger og verk av Dakiki, til ei nasjonal soge. Det var viktig for han og mange samtidige å ta vare på og vera stolt av den persiske kulturen, også den før-muslimske, i ei tid då han var pressa av arabisk muslimsk kultur.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Iranske forfattarar Kategori:Persiskspråklege forfattarar