Sandra Caldarone, kjent som Sandra Kim (), er ein belgisk songar med italiensk bakgrunn som vann Eurovision Song Contest 1986 i Bergen då ho berre var 13 år gamal. Ho var den fyrste belgiske vinnaren av konkurransen, og den yngste vinnaren nokonsinne.

Bakgrunn Kim blei fødd i Montegnée, nær Liège, og byrja å synge då ho var sju år gammal. Far hennar kom frå landsbyen Torrebruna i Abruzzo i Italia.

Eurovision Song Contest 1986

Sandra Kim blei vald ut til å representera Belgia under Eurovision Song Contest 1986 i Noreg med songen «J'aime la vie». kKim var den store favoritten i forkant av konkurransen, og blei følgd tett av norsk og utanlandsk presse. Det mest kjende med arrangementet var at Sandra saman med ei rekkje pressefolk tok turen med Fløibanen, men kom ikkje lenger enn til det nest siste stoppet før Fløien stasjon grunna eit tryggleiksproblem. Vogna seig eit par meter bakover før passasjerane måtte klatre ut av vogna; men inkje alvorleg hende.

Før sigeren hadde Kim fortald presse og produsentar at ho var 14 år. Men etter sigeren blei det kjend at ho berre var 13 år. Det var inga aldersavgrensing på denne tida, men Sveits, som blei nummer to, kravde at Belgia skulle bli diskvalifisert. Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) tok ikkje protesten til følgje. Frå og med 1990 innførte EBU 16-års aldersgrense for å delta, og dimed vil Sandra Kim forbli den yngste vinnaren av Eurovision Song Contest gjennom tidene.

Etter Eurovision Kim avduka ein voksfigur av seg sjølv ved Historium i Brussel i 1986.

I 1987 spelte ho i den belgiske filmen Les Fripiat, regissert av Chergui Kharroubi.. Ho framførte også musikk til denne filmen, «Je sais pourquoi».

På byrjinga av 1990-talet presenterte ho fjernsynsprogrammet Dix qu'on aime med Alain Simons på RTL-TVI. Ho var medlem av juryen i to sesongar av Pour la gloire på RTBF.

Privatliv I 1994 gifta Kim seg med Olivier Gerard, men dei skildest året etter. Ho har vore gift med Jurgen Delanghe sidan 2001.

Diskografi

J'aime la vie (1986, fransk) Bien dans ma peau (1988, fransk) Balance tout (1991, French) / Met open ogen (1991, nederlandsk) Les Sixties (1993, fransk) / Sixties (1993, nederlandsk) Onvergetelijk (1997, nederlandsk) Heel diep in mijn hart (1998, nederlandsk, tosporssingel) Make Up (2011, engelsk og fransk)

Kjelder

Kategori:Belgiske songarar Kategori:Eurovision Song Contest-vinnarar Kategori:Belgiske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 1986-deltakarar