South Shields er ein kystby i Tyne and Wear i det nordaustlege England. Byen ligg ved munningen av elva Tyne, nær Newcastle upon Tyne. Han har om lag 75 000 innbyggjarar. South Shields var tidlegare ein industriby med skipsverft og kolgruver, men etter at desse vart nedlagt har servicenæringa vorte stadig viktigare for byen.
Kjende personar frå South Shields William Fox (1812–1893), statsminister på New Zealand Flora Robson (1902–1984), skodespelar Catherine Cookson (1906–1998), bestseller-forfattar Ridley Scott (f. 1937), filmeregissør Lindsay Kemp (f. 1938), dansar og koreograf Eric Idle (f. 1943), komikar, skodespelar og musikar John N. Gray (f. 1948), politisk filosof Joe McElderry (f. 1991), songar og X Factor-vinnar
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Tyne and Wear