Gupta var eit indisk dynasti som herska over størsteparten av nordlege Sør-Asia på 300- og 400-talet. Guptahovudstaden var Pataliputra, dagens Patna i den indiske delstaten Bihar. Tsjandragupta I, Samudragupta og Tsjandragupta II er rekna som dei viktigaste guptaherskarane.
Guptatida er rekna som gullalderen til det klassiske India, og førte med seg framsteg i astronomi, matematikk, naturvitskap, religion og filosofi. Lærde som Kalidasa, Aryabhata, Varahamihira og Prasjastapada verka på denne tida. Ein reknar òg med at dei eldste Puranaene blei skrivne under Gupta.
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Gupta Empire» frå , den 1. januar 2011.
Bakgrunnsstoff
kategori:afghansk historie kategori:bangladeshisk historie kategori:pakistansk historie kategori:indisk historie