Jenny Følling () er ein norsk lokalpolitikar frå Senterpartiet. Følling vaks opp i Følling i Viksdalen og er utdanna agroteknikar.
Jenny Følling kom inn i kommunestyret i 1996, i formannskapet i 1999, og vart, som første kvinne, vald til ordførar i Gaular kommune i Sogn og Fjordane i 2003. Ho sat som ordførar fram til 2011, då ho vart fylkesvaraordførar for Sogn og Fjordane.
Følling har vore leiar både for KS sitt fylkesstyre for Sogn og Fjordane (2011-2015) og styret til Innovasjon Noreg si fylkesavdeling i Sogn og Fjordane. Følling har tidlegare hatt styreverv i Firda Billag, Sunnfjord Energi, Lutelandet Utvikling og Breibandforum. Ho er leiar i Stamvegutvalet E39, rådsmedlem i Husbanken region vest og sit i programkomiteen i Senterpartiet.
Følling har vore på fylkestinget sidan 2003. Frå 2011 til 2015 var Jenny fylkesvaraordførar, og i perioden 2015 til 2019 er ho vald til fylkesordførar.
Ho er også ordførar i Sunnfjord kommune
Kjelder NRK-blogg Storing på Storen: Budeiedotter på Holsnipa NRK Fylkesleksikon: Jenny Følling Store Norske Leksikon: Jenny Følling KS: Fylkesstyret i Sogn og Fjordane Firda 24.11.2011: Full splid rundt nytt Følling-verv Innovasjon Norge: Fylkesavdeling i Sogn og Fjordane. Firda 30.11.2011: Følling får endå eit mektig styreverv Sogn og Fjordane fylkeskommune: Fylkesordførarar Kvinnnestemmer frå Sogn og Fjordane: Jenny Følling
Kategori:Ordførarar i Gaular Kategori:Sp-ordførarar i Sogn og Fjordane Kategori:Fylkesordførarar i Sogn og Fjordane Kategori:Folk frå Gaular Kategori:Kvinner frå Sogn og Fjordane