mini|250px|1. Opphav (3000-1500 f.Kr.)2. Dei første vandringane (1500 f.Kr.)        2.a Austre bantu, 2.b Vestre bantu3. Urewekjerna frå austre bantu.4. - 7. Sørleg vandring9. Kongokjerna (500 f.Kr. - 0)10. Siste fasen (0 - 1000)The Chronological Evidence for the Introduction of Domestic Stock in Southern Africa A Brief History of Botswana On Bantu and Khoisan in (Southeastern) Zambia, (tysk) Bantuekspansjonen viser til utbreiinga av bantufolk i Afrika gjennom fleire tusenår med vandring, og er ein særs viktig prosess i afrikansk historie. Talarar av proto-bantuspråk oppstod i dagens Kamerun og Nigeria, og utvandringa ser ut til å ha byrja etter innføringa av landbruk, det vil seia rundt 3000–2500 f.Kr. for den første ekspansjonen i Vest-Afrika. Frå rundt 1500-1000 f.Kr. følgde vidare utvandring austover og sørover frå dette området. Bantufolk fortsette koloniseringa sørover, og hadde slått seg ned i dagens Sør-Afrika frå rundt år 0.

Bantuekspansjonen førte til utbreiing av språk og utveksling av kunnskap. Etterkvart oppstod nye folke- og samfunnsgrupper, ofte gjennom blanding gjennom giftarmål. Bantufolk hadde fleire fordelar i høve til tidlegare innvånarar. Kjennskapen til landbruk og metallurgi gjorde at dei kunne slå seg ned i område med ulike tilhøve og bu mykje tettare enn jegerar og sankarar. Dei fortrengde khoisanfolk, hadzaer og sandawifolk som levde på denne måten med steinvåpen. I austre og sørlege Afrika lærte bantufolk om husdyrhald frå folk dei møtte, og spreidde denne kunnskapen vidare til jegerar og sankarar.

Den tettare folkesetnaden av bantufolk gjorde det mogleg å danna større rike, som Mutapariket ved Zambezielva, som stod bak bygginga av Stor-Zimbabwe. I Sør-Afrika stod zululeiaren Shaka bak danninga av eit større rike på 1800-talet.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Bantu expansion» frå , og «Bantuexpansionen» frå den 15. januar 2011.

Kategori:Afrikansk historia Kategori:Bantufolk