Daniel Knutsson Sæter () var ein norsk lærar, gardbrukar og stortingsmann frå Halsa på Nordmøre. Han var medlem av Venstre.

Sæter var son til ein gardbrukar. Han var omgangsskulehaldar 1843-45 og vart seminarist frå Klæbu i 1847. Deretter var han lærar og kyrkjesongar i Edøy. Sidan var han lærar i Eidsberg, ved Toftes gåve i Ullensaker og Eugenias stiftelse i Christiania. Vidare underviste han på Maribogatens latin- og realskule i hovudstaden, 1870-71 var han styrar av ein folkehøgskule på Sletner i Østfold. 1871 reiste han rundt og heldt foredrag for 'Selskapet for folkeopplysningens fremme' i amta Smaalenene og Akershus, 1872-74 det same i Romsdals amt og i andre bygder. Styrar av folkehøgskule i Sør-Trøndelag 1876-86. År 1882 busette han seg på Ørlandet som forpaktar av eit gardsbruk, tre år seinare kjøpte han garden Sannan i same bygda og vart gardbrukar til 1902. Han busette seg då i Trondheim, der han han var styremedlem av Hypotekbanken sitt lånekontor.

Sæter var 3. representant frå Søndre Trondhjems amt på Stortinget 1883-88. I den fyrste valperioden var han medlem av næringskomite nr 1, i den andre sekretær i same komiteen.

Han døydde i Trondheim i 1909.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1883-1885 Kategori:Stortingsrepresentantar 1886-1888 Kategori:Stortingsrepresentantar for Søndre Trondhjems amt Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Norske lærarar Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Folk frå Halsa