The Band er det andre studioalbumet til The Band, utgjeve 22. september 1969. Det vert òg kalla The Brown Album. I følgje notata til Rob Bowman i plateomslaget til utgåva frå 2000, er The Band blitt rekna som eit konseptalbum med songar som fokuserer på folk, stader og tradisjonar frå ei eldre tid i Amerika.Bowman, Rob. (liner notes) The Band, (remastered edition), 2000 Albumet er basert på historiske tema på songar som «The Night They Drove Old Dixie Down», «King Harvest (Has Surely Come)» og «Jawbone».
Innspeling
Etter eit mislukka forsøk på ei innspeling i New York, sette The Band opp utstyr i eit bassenghus i ein heim gruppa leigde i Hollywood Hills. Det låg i 8850 Evanview Drive i Los Angeles, og var ein gong eigd av Judy Garland, Wally Cox og, då gruppa arbeidde der, av Sammy Davis jr. I følgje Robbie Robertson vart staden vald ut for å gje songane ei Basement Tapes–aktig kjensle. Tre songar som utgjorde resten av albumet (frå «Up on Cripple Creek» til «Jemima Surrender») vart ikkje spelt inn i dette studioet, men i New York City.
I følgje medprodusenten John Simon, tok Robbie Robertson over det meste av jobben som lydteknikar på plata, «han ønskte å lære, og eg synte han korleis ein lagar eit album frå eit teknisk synspunkt.»Bowman, p. 3-4
Utgjeving Albumet kom opphavleg ut på LP den 22. september 1969. I 1980 kom ei billigutgåve ut på vinyl i «Capitol 16000-serien» der «When You Awake» og «King Harvest (Has Surely Come)» ikkje var med på albumet.
Etter fleire nyutgjevingar på vinyl, kassett og CD, vart albumet ommastra og gjeve ut med bonusspor i 2000 i ein prosess som vart styrt av Robbie Robertson.
Albuemt kom ut på ny i 2009 på Audio Fidelity som ei avgrensa utgåve på gull-CD. Denne utgåva inneheld singel-B-sida «Get Up Jake» som bonusspor. «Get Up Jake», som kom ut på 2000-utgåva, skulle opphavleg ha vore med på originalalbumet, men vart fjerna i siste augneblink, anten fordi bandet meinte han var for lik eit anna spor på albumet, eller fordi det ikkje var fysisk plass på albumet.Bowman, Rob. (liner notes) Capitol expanded edition of «The Band», 2000John Simon, quoted in This Wheel's on Fire: Levon Helm and the Story of the Band, p. 195 Ein omarbeidd versjon av «Get Up Jake» vart seinare spelt på mange av konsertane deira tidleg i 1970-åra og kom ut på konsertalbumet Rock of Ages.
I 2019 kom det ut ei 50-årsjubileumsutgåve med ein heilt ny stereomiks av Bob Clearmountain, mastra av Bob Ludwig, i tillegg til fleire unytta opptak og heile konserten som The Band spelte på Woodstockfestivalen.
Den originale baksida av plateomslaget siterer opningslinja frå Shelton Brooks-songen «Darktown Strutters' Ball» frå 1917.
Mottaking
Albumet inneheld somme av dei mest kjende og kritikarroste The Band-songane, som «The Night They Drove Old Dixie Down», som av Rolling Stone er kåra til den 249. beste songen gjennom tidene på lista deira over dei 500 beste songane.Rolling Stone 500 Greatest Songs of All Time (2010) I 2003 vart albumet rangert på 45. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene, ein plass det òg hadde på den reviderte lista frå 2012. I 1998 kåra lesarane av magasinet Q albumet The Band til det 76. beste albumet gjennom tidene. Time hadde albumet med på ei urangert liste i 2006 over dei 100 beste albuma gjennom tidene. Robert Christgau, som var skuffa over debutplata til The Band, hadde venta å mislike albumet og hadde planlagt ei spalte i Village Voice der han skulle «slakte» oppfølgjaren. Då han høyrde plata meinte han det var betre enn Abbey Road av The Beatles, som hadde kome ut fire dagar før, og skreiv at plata til The Band var «den mest klåre A-pluss-plata eg nokon gong har vurdert.» Han rangerte det som det fjerde beste albumet dette året i avstemminga han arrangerte blant kritikarar for magasinet Jazz & Pop. Albumert vart seinare inkludert i hans «Basic Record Library» for 1950- og 1960-åra, publisert i Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies (1981). Albumet vart stemt fram til 45. plassen i den tredje utgåva av Colin Larkin-boka All Time Top 1000 Albums (2000).
The Band nådde niandeplassen på Billboard Pop Albums-lista. I 2000 nådde det tiandeplassen på Billboard Internet Albums-lista. Singlane «Rag Mama Rag» og «Up on Cripple Creek» nådde høvesvis 57. og 25. plassen på popsingellista i USA. «Rag Mama Rag» gjorde det betre i Storbritannia, der han nådde 16. plassen.
Album - Billboard (USA) ÅrListePlassering1970Pop Albums92000Top Internet Albums10
Singlar - Billboard (USA) ÅrSingelListePlassering1970«Rag Mama Rag»Pop Singles571970«Up on Cripple Creek»Pop Singles25
I 2009 vart albumet bevart i National Recording Registry fordi det vart rekna som «kulturelt, historisk, eller estetisk viktig, og/eller informerer eller reflekterer livet i USA.» Albumet vart òg inkludert i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.
Innhald Alle spor skrivne av Robbie Robertson utanom der andre er nemnde.
Side ein
Side to
Medverkande The Band Rick Danko – bassgitar, fele, trombone, vokal Levon Helm – trommer, mandolin, rytmegitar, vokal Garth Hudson – orgel, clavinet, piano, trekkspel, melodica, sopran-, tenor- og barytonsaksofon, trompet, basspedalar Richard Manuel – piano, trommer, barytonsaksofon, munnspel, vokal Robbie Robertson – elektrisk og akustisk gitar, lydteknikar
Andre medverkande John Simon – produsent, tuba, elektrisk piano, barytonhorn, tenorsaksofon, «skulehorn», lydteknikar Tony May – lydteknikar Joe Zagarino – lydteknikar Elliott Landy – fotografi Bob Cato – albumdesign
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «The Band (album)» frå , den 13. september 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1969 Kategori:The Band-album Kategori:Album produserte av John Simon Kategori:Capitol Records-album Kategori:Konseptalbum Kategori:Grammy Hall of Fame Award Kategori:United States National Recording Registry-innspelingar 045 057