Martin Francis Lamble () var trommeslagar i det britiske folkrockbandet Fairport Convention frå dei vart danna i 1967 til han døydde då turnebussen deira kræsja i 1969. Han vart med i bandet etter å ha sett den første konserten deira og overtydde dei om at han kunne gjere ein langt betre jobb enn den dåverande trommeslagaren deira, Shaun Frater.
Han spelte trommer på dei tre første albuma til bandet, men kort tid etter innspelinga av Unhalfbricking den 12. mai 1969, kræsjka turnebussen til Fairport på motorvegen M1 på veg heim frå ein konsert i Birmingham. Lamble døydde på staden, berre 19 år gammal.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Martin Lamble» frå , den 27. januar 2011. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Engelske trommeslagarar Kategori:Fairport Convention-medlemmar Kategori:Døde i trafikkulukker Kategori:Elektrisk folk-musikarar