Svein «Matta» Mathisen () var ein norsk landslagsspelar i fotball.
Fotballspelar
Mathisen vart fødd i Sauda. Etter at han starta som profesjonell fotballspelar i 1973, vart han verande heile karrieren sin i IK Start. Den einaste andre klubben han har spelt i var skotske Hibernian FC ein kort periode i 1978, før han vendte tilbake til Start. Han vart deretter verande i klubben til han la opp som fotballspelar i 1989. Til saman spelte han 327 kampar for start og skåra 106 mål, og han var med på å vinna eliteserien med Start to gonger.
Svein Mathisen kom inn på det norske landslaget i 1975, og fekk 25 landskampar (2 mål) for Noreg fram til 1985. Dette gjorde han fortent til heidersutmerknaden Gullklokka.
Tida etterpå
Etter dette jobba Mathisen noko i NRK og i TV 2 Sporten før han vart sportssjef i Start. TV 2 Sporten: Svein Mathisen er død, 27. januar 2011 I juli 2010 fekk han beskjeden om at han hadde kreft, og han døydde i januar 2011 etter kort tids sjukdom. Han etterlét seg kone og tre born. Sonen Jesper Mathisen spelar også for Start. VG Nett: Svein Mathisen er død, 27. januar 2011
Kjelder
* Artikkelen er basert på Bokmålswikipedia om Svein Mathisen, 28. januar 2011.
Referansar
kategori:Folk frå Sauda kategori:Start-spelarar kategori:Norske landslagsspelarar i fotball kategori:NRK-tilsette kategori:TV2-tilsette Kategori:Hibernian-spelarar