Clydesdalehesten er ein skotsk arbeidshest. Namnet stammar frå området Clydesdale, der hesten har opphav frå. mini|Clydesdalehest
Raseskildring Clydesdalehesten er stor og kraftig med store høver. Vaksne dyr skal vere mellom 163 og 183 cm i mankehøgd. Dei har rikt hovskjegg og har ofte kvite teikningar. Bakgrunn Rasen stammar frå 1800-talet då flamske hingstar vart kryssa med lokale hopper for å skape ein større arbeidshest. Fyrste gongen namnet Clydesdale vart brukt om ein hesterase var i 1826.
Førekomst På det meste hadde Skottland rundt 140.000 hestar av Clydesdale-blod. Mange vart eksportert til Australia og New Zealand, og seinare til store delar av verda. Nedgangen kom med industrialiseringa av landbruket etter krigen, og i 1975 vart førekomsten rekna som sårbar. Etter den tid har talet stige igjen, og i dag reknar ein med at det finst om lag 5000 clydesdalehestar i verda. Bruk Clydesdalehesten har vore mykje brukt som arbeidshest i landbruket. I dag vert han i tillegg mykje brukt i paradar. Eit kjent amerikansk bryggeri har fleire spann clydesdalehestar som dei brukar til marknadsføring.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Clydesdale Horse Society Commonwealth Clydesdale Horse Society
Kategori:Hesterasar Kategori:Britiske husdyr