Bjørn Tore Wirkola ( i Alta) er ein norsk, tidlegare skihoppar, kombinertløpar og fotballspelar. Han vart verdsmeister i stor bakke og normal bakke under VM på ski 1966 i Oslo, og vann den tysk-austerrikske hoppveka i åra 1967-69. Wirkola er den einaste som har greidd å vinne hoppveka tre gongar på rad. Han sette i 1966 verdsrekord i Vikersund med eit stilreint hopp på 146 meter.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn 1963: Nr 8 i Lahti 1964: Nr 3 i i Holmenkollen 1965: Siger i Bischofshofen, nr 2 i Innsbruck og Lahti. Nummer 2 i den tysk-austerrikske hoppveka 1966: Dobbel verdsmeister i Oslo. Nr 2 i Garmisch-Partenkirchen og Lahti, nr 3 Bischofshofen. Nummer 3 i den tysk-austerrikske hoppveka 1967: Vinnar av den tysk-austerrikske hoppveka. Siger i Garmisch-Partenkirchen, Innsbruck, Bischofshofen og i Holmenkollen, nr 3 i Oberstdorf 1968: Vinnar av den tysk-austerrikske hoppveka. Siger i Garmisch-Partenkirchen, nr 2 i Innsbruck og Holmenkollen, nr 3 i Oberstdorf. Nr 4 i normalbakken under OL i Grenoble 1969: Vinnar av den tysk-austerrikske hoppveka. Siger i Oberstdorf, Garmisch-Partenkirchen og Innsbruck, nr 2 i Bischofshofen 1970: Siger i Innsbruck, nr 2 i Lahti, nr 3 i Bischofshofen. Nr 13 i normalbakken under VM i Štrbské pleso 1971: Siger i Svenska skidspelen i Falun 1972: Siger i Bischofshofen

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1963: Nr 9 i Rælingen Ski-NM 1965: Gullmedalje i normalbakken i Oslo, sølvmedalje i storbakken i Bærum Ski-NM 1966: Gullmedalje både i normalbakken og storbakken, begge renna på Rena Ski-NM 1967: Gullmedalje i storbakken på Voss Ski-NM 1968: Gullmedalje i normalbakken i Ørskog og i storbakken i Bærum Ski-NM 1969: Sølvmedalje både i normalbakken på Raufoss og storbakken på Odnes Ski-NM 1970: Gullmedalje i storbakken i Meldal, bronsemedalje i normalbakken i Trondheim Ski-NM 1971: Gullmedalje i storbakken i Bærum Ski-NM 1972: Sølvmedalje i normalbakken i Trondheim, og bronsemedalje i storbakken i Odnes

Å hoppe etter Wirkola Wirkolas fleirårige posisjon som verdas beste skihoppar har gitt opphav til uttrykket «å hoppe etter Wirkola». Uttrykket vert brukt om situasjonar der ein skal overta eller vidareføre ei oppgåve etter ein forgjengar som har vore uvanleg dyktig. Første gong det er registrert at uttrykket vart brukt var i 1965, då Torbjørn Yggeseth og Per Jorsett kommenterte frå NM i hopp i Skuibakken. Yggeseth uttalte då: «Selv for Engan er det ikke moro å hoppe etter Wirkola». Kilde: NRK SportsrevyenHan "hoppet etter Wirkola" - NRK

I Aftenposten 8. februar 2008 er det NRKs legendariske sportskommentator Bjørge Lillelien som får æra for å ha skapt uttrykket: «Under VM i Oslo i 1966 var Bjørn Wirkola og tyskeren Dieter Neuendorf to av de største favorittene. Wirkola vann normalbakkerennet og Neuendorf var sugen på revansje i storbakken. Tyskeren trakk et senere startnummer enn Wirkola, og etter et kjempehopp av Norges store hopper satt Neuendorf spent igjen på bommen. Han mislyktes totalt og tyskeren klarte ikke å skjule skuffelsen og irritasjonen på sletta. NRK radios kommentator Bjørge Lillelien fanget opp Neuendorfs reaksjon og uttalte meget engasjert: «Slik går det når man hopper etter Wirkola!» (...) Kilder: Arne Thoresen og Arne Scheie

Fotball Wirkola spelte på Rosenborg i sesongane 1971 og -72. I 1971 var han med å vinne dobbel, då laget vart både serie- og cupmeistrar. Han var angrepsspelar, og var 1971-sesongen Rosenborg sin toppskårar i serien, saman med Arne Hanssen.

Skihopparen Wirkola var medlem av Alta IF, fotballspelaren Wirkola av Rosenborg Ballklub. Han vart tildelt Olavstatuetten i 1966, Sportsjournalistenes statuett som «Årets idrettsnamn» i 1967, Holmenkollmedaljen i 1968 og Egebergs ærespris i 1971.

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar Bokmålswikipedia

Notar

Bakgrunnsstoff FIS-resultat for Bjørn Wirkola NRK Nett-TV Portrett Bjørn Wirkola Verdsrekordhoppet i Vikersund 1966

Kategori:Norske skihopparar Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Vinnarar av Holmenkollmedaljen Kategori:Vinnarar av Egebergs Ærespris Kategori:Kongepokalvinnarar i skiidrett Kategori:Verdsmeistrar i skihopping Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1964 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 1964 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1968 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 1968 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1972 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 1972 Kategori:Rosenborg-spelarar Kategori:Folk frå Alta