«Spanish Caravan» er ein song av The Doors frå albumet Waiting for the Sun som kom ut i 1968. Songen er ein flamenco-song med ein stil kjend som Granadinas. Det første riffet var henta frå Asturias (Leyenda), eit klassisk musikkstykke av den spanske komponisten Isaac Albeniz (1860-1909). Han låner òg liknande riff frå Malagueña.
Teksten kan vise til romantiske tema om det å leite etter vakkert og rikt land, som var typisk for til dømes George Byron. I «Spanish Caravan» omhandlar ønsket om å reise med ein karavane til Portugal og Andalusia i Spania der «det ventar ein skatt». Transportmetoden indikerer at noko vil hentast attende til Europa frå ein afrikansk ørken. Men det er òg «gallionar tapt til sjøs» nemnd i teksten.
Songen vart mykje spela på konsertane til The Doors, stundom som ein del av «Celebration of the Lizard».
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Spanish Caravan» frå , den 17. mars 2011.
Kategori:The Doors-songar Kategori:Songar frå 1968 Kategori:Songar produserte av Paul Rothchild Kategori:Songar skrivne av John Densmore Kategori:Songar skrivne av Robby Krieger Kategori:Songar skrivne av Ray Manzarek Kategori:Songar skrivne av Jim Morrison