Hroar Stjernen () er ein tidlegare skihoppar som representerte Sprova og Trønderhopp. Han vann hopprennet i Bischofshofen i 1985, hans einaste siger i verdcupen. Stjernen var frå 2011 til 2013 dagleg leiar i Rosenborg Ballklubb.
Karriere Stjernen slo gjennom under den tysk-austerrikske hoppveka 1984/85. Han overraska under nyttårshopprennet i Garmisch-Partenkirchen med å verte nr 4 og beste nordmann. I avslutningsrennet i Bischofshofen hoppa han til siger, 2,5 poeng føre Klaus Ostwald frå DDR. Samanlagd i hoppveka vart han nummer 9, på plassen bak beste norske hoppar, Rolf Åge Berg. Året etter vart Stjernen nr 4 i hoppveka, hans beste plassering samanlagd. Sigeren i Bischofshofen vart Stjernens einaste i store renn. Elles i verdscupen oppnådde han til saman fire andreplassar i sesongane 1986 og 1987.
I dei store meisterskapane vart Stjernen nummer 10 i storbakken under verdsmeisterskapen 1985. Sitt beste VM hadde han i 1987 då han vart nummer 4 i normalbakken, og var med på laget som vann sølvmedaljane i laghoppinga. Ole Christian Eidhammer, Ole Gunnar Fidjestøl og Vegard Opaas var dei andre på det norske sølvlaget.
Stjernen sin medaljehaust frå noregsmeisterskapane omfatta to sølv og ein bronse. Desidert nærast ein NM-tittel var han på heimebane i Sprova i 1987. Med 224,2 poeng var han 0,1 poeng bak noregsmeisteren Jon Inge Kjørum.
Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn 1984: Nr 7 i Sapporo 1985: Siger i Bischofshofen 1986: Nr 2 i Innsbruck 1987: Tre andreplassar i verdscupen; Innsbruck, Oberwiesenthal og Oslo. Nr 4 i normalbakken under VM i Oberstdorf 1988: Nr 7 i Holmenkollen
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1985: Sølvmedalje i storbakken i Bærum Ski-NM 1986: Nr 12 i storbakken i Oslo Ski-NM 1987: Sølvmedalje i normalbakken i Sprova, bronsemedalje i storbakken på Odnes Ski-NM 1988: Nr 4 i storbakken på Rena Ski-NM 1989: Nr 11 i storbakken på Odnes
Han la opp 1989.
Stjernen var landslagssjef for det norske hopplandslaget. Etter mange svake resultat måtte han gå frå jobben i januar 2002.
Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar
Bakgrunnsstoff Hroar Stjernen i fis-ski.com
Kategori:Norske skihopparar