«Fool in the Rain» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin på albumet deira In Through the Out Door frå 1979. Han vart gjeven ut som singel i USA der han nådde 21. plass i februar 1980.

Oversyn Songen har ei latinsk kjensle. Hovuddelen av songen er i 12/8-takt og har ein uvanleg 6-over-4 polyrytmisk rytme, der pianoet og bassen spelar 6 slag per takt og melodien (og delar av trommene) spelar 4 slag per takt.

Bassisten John Paul Jones og vokalist Robert Plant utvikal ideen om ein sambarytme på songen etter å ha sett verdsmeisterskapen i fotball 1978 i Argentina.Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9.

Teksten handlar om ein mann som skal møte ei dame på eit visst gatehjørne. Når kvinna ikkje dukkar opp vert han først lei seg, men i det siste verset skjønar han at han har gått til feil stad.

Songen vart aldri framført på konsertane til Led Zepplin. Pianoet er ein vesentleg del av songen, men med John Paul Jones på piano, var der ingen til å spele bass.

Medverkande Robert Plant - vokal Jimmy Page - gitarar John Paul Jones - bassgitar, klaverinstrument John Bonham - trommer, perkusjon

Andre versjonar 1996: Maná (Hace Mucho Calor) 2001: Azz Izz Band (Based on a True Story) 2004: Pacifica (Unveiled) 2006: Hans Annéllsson (Return of the Son of One More Time for the World) 2007: Vanilla Fudge (Out Through the in Door) 2008: O.A.R. med Robert Randolph (Bluegrass Tribute) 2008: Rick Wakeman (Led Box: The Ultimate Led Zeppelin Tribute) 2009: Michael Cavanaugh (In Color) 2010: O.A.R. med Robert Randolph (Rain or Shine)

Konsertversjonar 1999 & 2010: Umphrey's McGee 2003: Dave Matthews 2004,2009: O.A.R. 2005: Pearl Jam med Robert Plant 2010: Nikki Yanofsky

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Fool in the Rain» frå , den 26. mars 2011. oppgav desse kjeldene: Lewis, Dave (2004) The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, ISBN 0-7119-3528-9 Welch, Chris (1998) Led Zeppelin: Dazed and Confused: The Stories Behind Every Song, ISBN 1-56025-818-7

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1979 Kategori:Singlar frå 1979 Kategori:Led Zeppelin-songar Kategori:Songar skrivne av Jimmy Page Kategori:Songar skrivne av Robert Plant Kategori:Songar skrivne av John Paul Jones Kategori:Songar produserte av Jimmy Page Kategori:Swan Song Records-singlar