Bondestudentar er ein roman av Arne Garborg, utgitt av Fr. Nygaards Forlag i Bergen i 1883.
Hovudpersonen Daniel Braut er ein evnerik bygdegut frå små kår som får høve til å studere, fyrst på Heltbergs studentfabrikk, sidan på universitetet. Romanen er naturalistisk, og skildrar på fleire måtar hovudpersonen sitt svik mot røtene og sine opphavlege ideal. Forfattaren tek med seg hovudpersonen vidare og tek han i bruk om igjen i romanen Mannfolk (1886) og skodespelet Læraren (1896).
Boka er til dels ein sjølvbiografisk nøkkelroman, og Garborgs samtidige Aasmund O. Vinje, Olaus Fjørtoft og Christopher Bruun kan kjennast att under andre namn.
Boka har vore ein generasjonsroman og ein livsfaseroman for fleire generasjonar av ungdom som har gjennomført klassereisa frå landsbygda til akademia.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Bondestudentar» frå , den 4. april 2011.
Bakgrunnsstoff Starten på Bondestudentar vart fyrst prenta som framhaldssoge i Fedraheimen frå nr. 22, 1. juli 1882: 1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 9, 10, 11, 12, 13, 14, 15, 16, 17, 18
«Ms.4° 3473 Arne Garborg: "Garborg sjølv um modellar i 'Bondestudentar'."», handskrift i privatarkivet etter Garborg, digitalisert hjå Nasjonalbiblioteket.
Museum for universitets- og vitenskapshistorie Gudleiv Bø om Bondestudenten Daniel Braut Deichman: Boka omtala av H.M. Larsen Knut Anders Løken om boka
Kategori:Arne Garborg Kategori:Norske romanar Kategori:Bøker frå 1883