Ulrik Frederik Lange () var ein norsk skulemann og stortingsmann, fødd på Jevnaker i Oppland. Otto Lange var bror hans.

Ulrik Lange vart student frå Christiania katedralskole i 1826 og cand. theol. i 1832. Under studietida var han lærar ved latinskulane i Drammen og seinare i Christiania. Frå 1832 var han styrar av Tromsø middelskole, til han 1849 fekk ei liknande stilling på Lillehammer. Der arbeidde han til han døydde.

Lange var bystyremedlem i mange år, både i Tromsø og på Lillehammer.

Lange representerte Tromsø på Stortinget i 1842 og 1845, og krinsen Lillehammer og Hamar 1854-60. Han var medlem 1842 av gasje- og pensjonskomiteen, 1845 av kyrkjekomite nr 2, 1854 av kyrkjekomiteen og komiteen om fordelinga av vegskatten. 1857 var han formann i kyrkjekomiteen og medlem av komiteen om representasjonsfordelinga, 1859-60 atter medlem av kyrkjekomiteen. Både i 1857, på omframstortinget 1858 og det ordinære Stortinget 1859-60 var Lange medlem av Lagtinget.

Han døydde på Lillehammer i 1878, ein månad før han skulle gå av frå rektorstillinga.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Norske pedagogar Kategori:Stortingsrepresentantar 1842-1844 Kategori:Stortingsrepresentantar 1845-1847 Kategori:Stortingsrepresentantar 1854-1856 Kategori:Stortingsrepresentantar 1857-1858 Kategori:Stortingsrepresentantar 1859-1861 Kategori:Ordførarar i Lillehammer Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Medlemmar av Det Norske Videnskaps-Akademi Kategori:Folk frå Jevnaker