mini|Samanrulla kondom Kondom er eit prevensjonsmiddel i form av eit futteral, i dag hovudsakleg laga av lateks, som dekker penisen til mannen under samleie.

Kondom reduserer risikoen for graviditet og for å få kjønnssjukdomar som klamydia, gonoré, syfilis eller hiv. Kondom kan òg brukast til å halde sexhjelpemiddel, som til dømes dildoar, reine, og med dette òg hindre spreiing av kjønnssjukdomar.

Fordelar og ulempar med kondombruk Fordelar Einaste prevensjonsmiddel som beskyttar mot kjønnssjukdomar. Påverkar ikkje kroppens hormonsystem (slik andre prevensjonsmiddel gjer). Kan redusere problemet med for tidleg sædavgang.

Ulempar Nedsett følsemd for mannen. Krev ein viss grad av motivasjon og disiplin. Nokon får svie og ubehag viss ein ikkje kombinerer kondom med glidemiddel. Nokon er allergiske mot lateks.

Kategori:Prevensjon Kategori:Medisinsk teknologi