Anton Bye () var ein norsk gullsmed, bankmann og stortingsmann frå Trondheim.

Bye var son til ein smedmeister. Sjølv var han gullsmedsvenn i heimbyen frå 1854 til -83. Sidan var han fram til 1909 kasserar i bank. Han var medlem av bystyret i om lag 20 år, sat i formannskapet 1877-80.

Han var 3. representant på Stortinget frå Trondheim og Levanger perioden 1880-82 og på omframstortinget 1882. 1880-82 var han medlem av næringskomite nr 2, medan han på omframstortinget var med i traktatkomiteen.

Bye døydde i Trondheim i 1917.

Kjelder Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1880-1882 Kategori:Stortingsrepresentantar for Trondheim og Levanger Kategori:Norske gullsmedar Kategori:Norske bankfolk Kategori:Folk frå Trondheim