«DJ» er ein song av den engelske musikaren David Bowie, gjeven ut i 1979 på albumet Lodger, og så på singel 29. juni 1979.

Songen er ein kynisk kommentar til kulten kring DJ-ar og har ein gitarsolo av Adrian Belew, som vart spelt inn i fleire forsøk og så miksa i lag for albumet. I ein biografi om Talking Heads vert det sagt at Bowie på denne songen prøvde å syngje som David Byrne, som var i ferd med å bli ven med Brian Eno på den tida.

Singelen var ei kortare utgåve av songen, men han var framleis for ukommersiell til å gjere det særleg bra og nådde berre 29. plass i Storbritannia og 106. plassen på Billboard Bubbling Under the Hot 100-lista i USA.

Songen vart framført på konsert av Bowie for første gong på Outside-turneen i 1995.

Innhald «DJ» (Bowie, Eno, Alomar) – 3:20 «Repetition» (Bowie) – 2:59

Benny Benassi-remiks «DJ (David Bowie vs. Benny Benassi)» – 2:35 «DJ (David Bowie vs. Benny Benassi)» (extended) – 6:19

Medverkande

Produsentar: Tony Visconti David Bowie Musikarar: David Bowie: vokal, Chamberlin, piano Adrian Belew: gitar Carlos Alomar: gitar George Murray: bassgitar Dennis Davis: trommer Simon House: fiolin Brian Eno: synthesizer på «Repetition»

Musikkvideo David Mallet regisserte ein video for songen, der Bowie øydelegg eit DJ-studio, miksa med Bowie som vandrar kring i London og tiltrekkjer seg folk som passerer forbi.

Andre utgjevingar

Songen finst på samlealbuma: Chameleon (Australia/New Zealand 1979) ChangesTwoBowie (1981) Fame and Fashion (1984) The Singles Collection (1993) The Best of 1974/1979 (1998) Best of Bowie (US/Canada 2002) The Platinum Collection (2005/2006) Songen vart gjeven ut som biletplate i RCA Life Time-settet. Singelutgåva av songen kom ut på Re:Call 3, ein del av plateboksen A New Career in a New Town (1977–1982) (2017).

Andre versjonar

Danny Michel - Loving the Alien: Danny Michel Sings the Songs of David Bowie (2004) Momus - Turpsycore (2015)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «DJ (song)» frå , den 9. mai 2011. oppgav desse kjeldene: Pegg, Nicholas, The Complete David Bowie, Reynolds & Hearn Ltd, 2000, ISBN 1-903111-14-5

Kategori:Songar om DJ-ar Kategori:Singlar frå 1979 Kategori:David Bowie-songar Kategori:Songar skrivne av David Bowie Kategori:Songar skrivne av Brian Eno Kategori:Songar produserte av David Bowie Kategori:Songar produserte av Tony Visconti Kategori:Songar skrivne av Carlos Alomar Kategori:RCA Records-singlar Kategori:Songar frå 1979 Kategori:Musikkvideoar regisserte av David Mallet