2025 er eit normalår som byrja på ein onsdag i den gregorianske kalenderen.

Hendingar

Utlandet 1. januar: Bulgaria og Romania blei del av Schengen-området. Liechtenstein blei det 39. landet i verda til å innføra likekjønna ekteskap. Ukraina blei medlem av Den internasjonale straffedomstolen. Ukraina stoppa òg transport av russisk gass gjennom landet, etter at ein femårsavtale om dette gjekk ut. USA: 15 menneske og gjerningsmannen blei drepne ved eit terrorangrep i New Orleans der ein bil køyrde inn i ei folkemengd. Montenegro: Tolv menneske blei drepne og fire andre skadde i Cetinje. 9. januar: General Joseph Aoun blei vald til president i Libanon av det libaneiske parlamentet etter eit makttomrom som hadde vart i over to år. 19. januar: Ei våpenkvile mellom Israel og Hamas tredde i kraft, etter 15 månader med konflikt kring Gazastripa. 20. januar: Donald Trump vart innsett som den 47. presidenten av USA. James David Vance vart innsett som visepresident.

Noreg 8. september: Stortingsvalet og sametingsvalet 2025

Døde 1. januar: Rosita Missoni, italiensk moteskapar 4. januar: Elisabeth Haarr, norsk biletkunstnar 7. januar: Jean-Marie Le Pen, fransk politikar 14. januar: Kjell Gjerseth, norsk journalist og forfattar 15. januar: David Lynch, amerikansk skodespelar og regissør

Kjelder