Veronikaslekta (Veronica) er ei planteslekt i kjempefamilien. Slekta har namn etter helgenen Veronica. Artane i slekta har motsette blad, blå krone med fire flikar, ein brei øvre, to sideflikar og ein smal nedre. To mjølberarar, feste ved grunnen av den øvre kronfliken. Krona fell lett av. Somme artar vil lett svartne i ei blomsterpresse. Slekta er artsrik med kring 450 artar i verda. Eit tjuetal av desse veks i Noreg.
Norske takson Storveronika (V. longifolia), livskraftig (LC) Aksveronika (V. spicata), sårbar (VU) i Raudlista 2021 Bergveronika (V. fruticans), livskraftig (LC) Snøveronika (V. alpina), livskraftig (LC), med underartane Fjellveronika (V.a. ssp. alpina), livskraftig (LC) Høgfjellsveronika (V.a. ssp. pumila), nær truga (NT) Bleikveronika (V. serpyllifolia), livskraftig (LC), med underartane Snauveronika (V.s. ssp. serpyllifolia), livskraftig (LC) Lappveronika (V.s. ssp. humifusa), nær truga (NT) Kosakkveronika (V. gentianoides), framandart, låg risiko (LO) i Framandartslista 2018 Lækjeveronika (V. officinalis), livskraftig (LC) Tviskjeggveronika (V. chamaedrys), livskraftig (LC) Prydveronika (V. austriaca) med underartane Austveronika (V.a. ssp. austriaca), framandart, ingen kjend risiko (NK) Firtannveronika (V.a. ssp. teucrium), framandart, låg risiko (LO) Flikveronika (V.a. ssp. dentata), framandart, einskildfunn, ikkje risikovurdert (NR) Veikveronika (V. scutellata), livskraftig (LC) Bekkeveronika (V. beccabunga), livskraftig (LC) Vassveronika (V. anagallis-aquatica), sårbar (VU) Vårveronika (V. verna), livskraftig (LC) Bakkeveronika (V. arvensis), livskraftig (LC) Vandreveronika (V. peregrina) med underartane Gartnarveronika (V.p. ssp. peregrina), framandart, låg risiko (LO) Mølleveronika (V.p. ssp. xalapensis), framandart, einskildfunn, ikkje risikovurdert (NR) Åkerveronika (V. agrestis), livskraftig (LC) Mørkveronika (V. opaca), sterkt truga (EN), før rekna som framandart Blankveronika (V. polita), framandart, ingen kjend risiko (NK) Orientveronika (V. persica), framandart, potensielt høg risiko (PH) Gravveronika (V. filiformis), framandart, låg risiko (LO) Bergfletteveronika (V. hederifolia), sårbar (VU), før rekna som framandart Ballastveronika (V. sublobata), framandart, låg risiko (LO)
Nokre artar har vore funne historisk eller med einskildfunn: Vrangveronika (V. anagalloides), framandart, ikkje risikovurdert (NR) Dikeveronika (V. catenata), framandart, ikkje risikovurdert (NR) Torskemunnveronika (V. cymbalaria), framandart, ikkje risikovurdert (NR) Matteveronika (V. prostrata), framandart, ikkje risikovurdert (NR) Krypveronika (V. repens), framandart, ikkje risikovurdert (NR) Skroteveronika (V. triloba), framandart, låg risiko (LO)
Kjelder
Kategori:Plantar i Noreg Kategori:Planteslekter
Kategori:Kjempefamilien