Bisam (Ondatra zibethicus) er eit pattedyr i hamsterfamilien. Bisamen høyrer opphavleg heime i Nord-Amerika.IUCN Red List of Threatened Species på engelsk Eksemplar vart sett ut i Finland og Russland for å auka talet på pelsviltartar, og arten har derfrå òg spreidd seg til Noreg.Norsk svarteliste 2007 s. 42 Han er ført opp på Norsk svarteliste 2007 som ein framand art som utgjer ein ukjend risiko mot det stadeigne biologiske mangfaldet. Han er òg sett ut i mellom anna Tsjekkia og Argentina og er no vanleg i store delar av Eurasia. Levemåten kan minna om beveren. Han lever i nærleiken av vatn, der han bur anten i holer eller i hus han byggjer av plantematerial, der inngangen ligg under vassoverflata. Pelsen deira er ettertrakta, og det blir difor drive mykje jakt på bisamen.

Kjelder IUCN Red List of Threatened Species på engelsk Fotnotar

Kategori:Pattedyr i Noreg Kategori:Hamsterfamilien