Ballater (skotsk gælisk Bealadair) er ein by i regionen Aberdeenshire i Skottland, med historisk status som burgh. Ved folketeljinga i 2001 hadde Ballater 1446 innbyggjarar. I 2006 vart folketalet estimert til 1 520 innbyggjarar.

mini|venstre|Kyrkja i Ballater.

Ballater ligg like austom Cairngormsfjella ved elva Dee. Byen har mykje turisme knytt til fotturar i Cairngorms nasjonalpark, og er òg kjent for det lokale kjeldevatnet som ein trudde hadde lækjande effekt mot struma.

Balmoral Castle ligg om lag 14 kilometer vest for Ballater. Herregarden Birkhall ligg òg like ved byen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ballater» frå , den 27. juli 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar og landsbyar i Aberdeenshire